Gurduārā
Sikhismen |
Sikh-gurūar |
Skrifter |
Gurū Granth Sāhib |
Bāṇī - «Tjåpaī» |
Filosofi |
simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søylor |
fem vonde |
fem gode |
Khalsā |
Pandj kakkē: |
Helige plassar |
Amritsar |
Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
gurduārā |
Folk og språk |
Pandjāb - sikhar |
pandjābī - gurmukhī |
Ein gurduārā (pandjābī ਗੁਰਦੁਆਰਾ [gurduārā]) eller gurdvārā (pandjābī ਗੁਰਦਵਾਰਾ [gurdvārā], frå «gurū» (‘lærar’) og «duārā» (‘(ei) dør’)) er eit tempel for sikhar. Gurduārāer inneheld først og fremst den helige boka Gurū Granth Sāhib. Den mest berømte gurduārāen er Harmandir Sāhib, mest kjent som «Det gylne tempelet», i Amritsar i Pandjāb i India. Folk frå alle religiøse bakgrunnar er velkomne i gurduārāene så lenge dei tek av seg skorne og dekkjer haudet före dei går inn i dei heligare delene av gurduārāen. Folk som nettopp har røykt eller drukke alkohol kan bli nekta å komma inn.
Særtrekk
Dei fleste gurduārāene har desse kjennetekna:
Nisjān Sāhib (sikh-fana)
Nisjān Sāhib er ei trekanta oransje fane med ein khanda (sikh-emblem) midt på fana. Ordet «nisjān» betyder ‘merke‘ eller ‘symbol’.
Darbār Sāhib (hovudrommet)
Darbār Sāhib er ein sal som inneheld Gurū Granth Sāhib — den helige boka. I dei fleste nyare gurduārāer er dette ein stor sal som kan romme hundrevis av menneske. Menigheita sitt normalt rett på det teppedekte golvet. Före vi går inn i Darbār Sāhib må vi ta av oss skorne og dekkje haudet. Vi går inn rolig og med respekt til tronen der Gurū Granth Sāhib er plassert. Der står vi så framför Den helige skrifta for sikhane. Sikhar seier tradisjonelt stille bøner der, ofrar nån myntar og bukkar audmjukt for Gurū Granth Sāhib. Sikhane behandlar Den helige skrifta si som ein levande lærar eller gurū. Dette teknet på respekt skal ikkje sjåast på som tilbeding, ettersom sikhar berre har lov til å tilbe Den einaste Gud, som sikhane kallar Vahegurū.
Langār (matsalen)
Langāren er ein stor sal der fellesmåltid blir servert. Ein del gurduārāer har bord og stolar, men i dei fleste er det vanleg at gjestane sitt på golvet.
Satjh khand (den skire staden)
Satjh khand, eller ‘den reine staden’, ‘Paradiset’/‘Himmelen’, blir bruka som namn på det rommet der Den helige boka kviler om natta — på liknande vis som Toráen kviler i Hekhál i jødiske synagogar når han ikkje er i bruk.
Andre rom
Gurduārāer har gjerne òg kjøken, vaskerom og liknande. Nån av dei större gurduārāene har gjestekvarter med bad for overnattingsgjester òg.
Sjå òg
Pekarar
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Gurdvara» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |
This article is based entirely or in part on the article “Gurdwara” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |