Gurū Hari Gōbindh
Frå Alnakka.net
Sikhismen |
Sikh-gurūar |
Skrifter |
Gurū Granth Sāhib |
Bāṇī - «Tjåpaī» |
Filosofi |
simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søylor |
fem vonde |
fem gode |
Khalsā |
Pandj kakkē: |
Helige plassar |
Amritsar |
Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
gurduārā |
Folk og språk |
Pandjāb - sikhar |
pandjābī - gurmukhī |
Gurū Hari Gōbindh djī (19. juni 1595 – 3. mars 1644), òg skreve Har Gobind, Har Gobindh og Hargobind, var den sjette av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 25. mai 1606 som etterfölgjar etter far sin, gurū Ardjan Dev dji. Före gurū Hari Gōbindh dødde, utnemnte han gurū Hari Rāi, barnebarnet sitt, som den neste sikh-gurūen.
Dette er eit samendrag av høgdepunkta i livet hans:
- Han omforma sikh-samfunnet ved å innføre kampsportar og våpen for forsvar av massone etter at far hans dødde som martyr.
- Han militariserte sikh-rørsla; sjølv bar han to sverd — Miri og Piri.
- Han bygde Akal Takht i 1608 — no er dét ein av dei fem takhtane (styreseta) for sikhane.
- Han grunnla byen Kiratpur i Jalandhar i Pandjāb.
- Han satt som fange på fortet i Gwalior i eitt år, og da han vart frigjeven, insisterte han på at dei andre 52 fangane der måtte frigjevast òg. Til minne om denne hendinga feirar sikhane divāli.
- Han var den første sikh-guruen som gikk ut i strid.
- Han slost fire slag mot Mughal-makta.
Pekarar
AllAboutSikhs.com, Sikhs.org, Sikh-History.com
Lyd
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Guru Har Gobind» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |