Gurū Gōbindh Singh
Sikhismen |
![]() |
Sikh-gurūar |
Skrifter |
Gurū Granth Sāhib |
Bāṇī - «Tjåpaī» |
Filosofi |
simran (Guds sanning) sēvā (dugnad, tre søylor |
fem vonde |
fem gode |
Khalsā |
Pandj kakkē: |
Helige plassar |
Amritsar |
Harimandir Sāhib («Det gylne tempelet») |
gurduārā |
Folk og språk |
Pandjāb - sikhar |
pandjābī - gurmukhī |
Gurū Gōbindh Singh djī (pandjabi ਗੁਰੂ ਗੋਬਿੰਦ ਸਿੰਘ ਜੀ) (Patna i Bihar i India, 22. desember 1666—7. oktober 1708) var den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 11. november 1675 som etterfölgjar etter far sin, gurū Tēgh Bahādur. Före gurū Gōbindh Singh dødde, utpekte han sikhane si helige skrift sri Gurū Granth Sāhib dji som den neste, evige sikh-gurūen. Denne granthen (boka) er meir enn ei helig bok for sikhane.
Rollen som gurū Gōbindh Singh (òg stundom skreve som «Gobind» og «Govind»), den tiande og siste av dei ti sikh-gurūane og grunnleggarane av sikh-trua, var monumental. Han levde som eit eksempel på sikh-trua gjenom eit liv med store personlige tap: Gōbindh miste far sin, mor si og alle dei fire sønene sine i den religiøse krigen mot Mughal-keisaren i si tid, Aurangzeb. Aurangzeb krevde at alle sikhar laut konvertere til islām eller bli drepne. Det var i denne krigen at gurū Gōbindh leid så store personlige tap.
Gurū Gōbindh Singh seiest å ha knote ihop dei lause trådane i sikh-trua. Han erklærte seg sjølv som den siste sikh-gurūen og utnemnte boka Adi Granth, no kjent som Gurū Granth Sāhib, som den evige sikh-gurūen. Men autoriteten som Gurū Granth Sāhib fikk var ein åndelig autoritet; fysisk, tidsbunden autoritet vart gjeven til sikhane som heilheit. Gurū Gobindh grunnla òg sikhdåpen med mottaking av vigslevatn.
Det følgjande er ei oppsummering av dei viktigaste høgdepunkta i livet ått gurū Gōbindh Singh:
- Han samla og redigerte boka Dasam Granth Sāhib (1428 s.)
- Han skreiv ymse bāṇīar som sikhane resiterer daglig: «Djāp Sāhib», «Tjåpaī» o.a.
- Han let byggje ymse gurduārāer — slik som Kesj Garh Sāhib o.a.
- Han utvikla Anandpūr Sāhib som eit hovudsenter for sikhismen.
- Han vidareutvikla strukturen i sikh-samfunnet ved innføring av ymse administrasjonssystem.
- Sendte det berømte brevet Zafarnāmā til Aurangzeb.
Pekarar
- Complete website on Sri Guru Gobind Singh Ji
- Biography with pictures on sikh-history.com
- Video - Sri Guru Gobind Singh Ji
- A wealth of information about Guru Gobind Singh Ji,
- AllAboutSikhs.com,
- Sikhs.org,
Lyd
![]() |
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Guru Gobind Singh» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |