Gunnar Berg
Gunnar Berg (f. 21. mai 1863 i Svolvær, d. 23. desember 1893 i Berlin) var ein norsk målar og kjent som ein av lofotmålarane.
Gunnar Berg vart fødd i 1863 i Svolvær i Lofoten som væreigarson og vaks opp der. Det var opprinneleg meininga at han skulle satse på ein handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdaninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 1883–1885 studerte han målarkunst i Düsseldorf. Etter studia reiste han heim til Lofoten att, der han med hjelp frå foreldra bygde seg eit atelier på Svinøya i Svolvær. Atelieret er modernisert og bevart.
Gunnar Berg pendla mellom Tyskland og Lofoten. Om somrane i Lofoten hadde han eit eige lag med tilreisande. Han både selte kunsten og gav gjestene ein opplevelse av plassen, landsdelen og kunsten.
I 1893 fikk han kreft og laut amputere det eine beinet. Likevel reiste han til Berlin, der han dødde samma vinteren. Gunnar Berg vart gravlagt i gravkapellet til familien på Gunnarholmen i Svolvær. Der vart reist ei byste av honom i 1994.
I dag blir Gunnar Berg rekna som den største målaren frå Nord-Norge og som ein av dei viktigaste i Norge innafor sin genre. Blant dei viktigaste måleria hans må nemnast «Fra Svolvær havn» og «Trollfjordslaget»; — det siste viser ein faktisk kampepisode frå Lofotfisket 1890.
Litteratur
- Jens Andvig, «Lofotfisket og Gunnar Berg og Kaare Espolin Johnson». I: Skolp : årsskrift for Vågan historielag, 1984
- Gerd Røsand Bremnes, «Maleren Gunnar Berg - et hundreårs minne ». I: Årbok for Vågan, 1993
- Holst, Erling. «Gunnar Berg, Lofotens maler». I: Kunst og kultur, 1963
- Per Posti, Trollfjordslaget, myter og virkelighet. Svolvær: Montanus forlag, 2001 (1. utg: Tromsø, 1991)
- Per Posti, «Lofoten i billedkunsten fram til 1920-årene». I: Ottar, nr 3, 2000
- Per Posti, Gunnar Berg 1863-1893, minneutstilling 1993. Tromsø Kunstforening, 1993 (Utstillingskatalog
Pekarar
- svinoya.no Galleri Gunnar Berg
- Lofoten @rt on the www
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |