Grameen Phone

Frå Alnakka.net

Grameen Phone er det største mobiltelefonselskapet i Bangladesh. Det er eigd 60 % av det norske telefonselskapet Telenor og 40 % av Grameen Bank. Selskapet gjev mikrokredittlån til fattige kvinnor som brukar lånet til å kjøpe ein mobiltelefon som dei låner ut til folk. Gjenom eit lite påslag på ringjeprisen tjener eigaren av mobiltelefonen nok til både å betala lånet og til sjølv å skaffe seg ei inntekt.

Omfang

Det er i dag over 250 000 landsbytelefonar i Bangladesh. Kvinnone er organisert i mobilselskapet The Village Phone Ladies. Landsbytelefontenesta i Bangladesh er tilgjengeleg for 60 millionar menneske og gjenomsnittleg telefonbruk for kvinnone i systemet er dobbelt så stor som for vanlege forretningsfolk. I område kor moderne infrastruktur for kommunikasjon ikkje er til stades, skapar landsbytelefonane kontakt mellom landsbyar og folk som ikkje hadde mulegheit til det før.

Kjeldor

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon