Gazeta de Amsterdam

Frå Alnakka.net
Forsida av Gazeta de Amsterdam for 12. september 1672.

Gazeta de Amsterdam var eit kastiljanskspråkleg økonomisk tidsskrift som vart etablert seinast i 1672 i det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam og som kom ut to gonger i vekka i alle fall i perioden frå 1675 til 1702, da det vart nedlagt. Initiativtakar og redaktør var skribenten og boktrykkjaren David de Castro Tartaas. Tidsskriftet vart blant anna distribuert i Spania og Portugal, og eksplisitt jødiske emne vart unngått for ikkje å sette lesarane der i fare.