Francis Beaufort
Francis Beaufort (1774–1857) var ein irsk hydrograf og admiral i den britiske Royal Navy som er mest kjent för å ha etablert beaufortskalaen.
Francis Beaufort vart fødd i Irland den 7. mai 1774, reiste til sjøs som 13-åring og gjorde rask karriere i marinen. Han var svært interessert i meteorologi og førte ei vêrdagbok under heile yrkeslivet sitt. Under de første åra med eige befal gjorde han hydrografiske målingar i olike deler av verda — blant anna i Middelhavet og i Sør-Amerika, og han begynte òg å skissere den vindskalaen som skulle gjera honom kjent för ettertida. Etter ein skottskade under patruljeteneste mot sjørøvarar i Middelhavet fikk han administrative oppdrag i admiralitetet med admirals tittel för resten av det yrkesaktive livet sitt og med ansvar för blant anna hydrologi og meteorologi. Han vart pensjonert frå marinen i 1855 ved 81 års alder og dødde to år etter.
Mest kjent er Beaufort för vindskalaen sin, som han utvikla i 1806 og som i omarbeidd form har vorte ståande som global standard för sjøfolk, og som òg har påverka sivil meteorologi. Skalaen er eit forsøk på å skapa eksakte verdiar for de vindopplysningane som blir innført i loggbøker og annan dokumentasjon i staden för de vage og sterkt subjektive skildringane som sjøfolk hadde bruka til da.
Kjeldor
|
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |