Folke-eventyr frå Nordmør - Guten i gadden

Frå Alnakka.net
Edvard Langset:

Folke-eventyr
frå Nordmør

Fyreord
  1. Dei tri brørne som skulle i veg og byggje skip
  2. Smørball
  3. Tosken
  4. Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit
  5. Kalldotra og kjerringdotra
  6. Friarhistorior
    (Dotra som såg ille.
    Dotra som åt så lite.
    Burslykelen.
    Dei rare namna og friarane)
  7. Bukken i erteråkeren
  8. Ivar Pennskjegg
  9. Katta og musa
  10. Kråke Lange
  11. Hårslå
  12. Ho jomfru Maria hjølpte styggdotra
  13. Ho Stor-Pissi jaga tussane
  14. Jerusalems skomakar
  15. Randi med steinen
  16. Kjerringa som åt så mykje
  17. Herskovens munnharpe
  18. Hopp Helling
  19. Blå-uksen
  20. Høna som skulle ått kongsgarden og fri
  21. Guten i gadden
  22. Glorianta på Solberg slott

Guten i gadden

(Frå Åskar. Fortalt 25. juni 1920.)

Det var ein gong ein gut som ville på prestegarden og få seg tjeneste. Og så hade han så lang ein veg å gå at han vart uteliggjande i ein stor skog.

Så fann han ein stor gadd, og den smaug han inni i natta.


Da han hade lege der ei stund da, så kom det ein bjønn og tok til å danse umkring gadden.

Da det leid på lite lenger, så kom det ein varg og tok til å danse òg, umkring treet. Og vargen spurde bjønnen kva han var så glad tå.

«Eg er glad tå di at presten har ein stor hest gangande uppi markja. Og han er det ikkje nokre folk som får ’ti, og han lurar eg på å få 'ti,» sa bjønnen. «Men det hade ikkje vore vanskelig og teke han, når dei hade bruka rett beisl,» sa han. Og så fortalte han kvar det hekk i stallskilet.

Så spurde bjønnen vargen kva han var så glad tå.

Ja, han var glad tå di at på prestegarden var det så langt etter vatn at dei laut ha ut heile buskapen ein gong for dagen og jaga han ått elva i vinteren. Og da var ikkje han heller lenger unna enn han lura seg til anten ei geit eller ein sau.

«Men det er ikkje vanskeleg for vatn på garden,» sa han. «Uppunder låvekloppa er det ein stor brunn. Det har vore mykje arbeidd nedi der. Men dei trur det er berg, for det ligg ei stor steinhelle over vatnet nedi botnen på brunnen. Men når dei fekk upp ho, — så vart det vatn nok.»

Um ei lita stund, så kom det ein rev. Og han òg tok til å fanse umkring treet. Så spurde dei kva han var glad tå.

Ja, han var glad tå di at presten har ei dotter, og allveg når ho hade fått seg mat, så laut ho ut og spy. Og ho et så god mat, — og da er ikkje han lenger unna enn han slikkar upp alt det. Og så har no han òg eitkvart godmålet.

«Og ho er klein tå di,» sa reven, «at første gongen ho gjekk til altars, da datt det ned, brødet hennar, og så smatt det mellom to fjøler inni kirkja frami koret. Og først ho får ’ti att brødet og et det, så blir ho frisk att.»


Da det vart dag da, så gjekk guten ått prestegarden. Og så spurde han etter um han kunne få seg tjeneste.

Presten var ikkje upprådd for dreng; men han kunne nok få vera, sa han, lell, så fekk han sjå kor det gjekk.

Ja, så skulle han no ått skottet og hogge ved. Så fekk han høre det vart tale um denna hesten som ikkje folk fekk ’ti. Og så spurde han no etter um ikkje han òg kunne få prøve å ta han. Og det sa no presten at det var ikkje noko gagn i, for det var så mange som hade prøva og ikkje fått ’ti han.

Men så vart det no endeleg slik lel at han skulle få prøve, og så var han i veg og fann ’ti det rette beislet.

Så bar det no i veg med han, — og han kom heim med hesten.

Da vart dei no aldeles forundra alt folk, og ikkje minst presten.


Så fekk han no sjå at dei tok til å ha ut krøtera ein dag og jaga dei ått elva. Og så spurde han etter korleis det hade seg. Så sa presten at det var tå di at det ikkje fanst vatn nærare.

Det tykte guten var forunderleg rart, og spurde um han kunne få med seg folk og ta til å leite etter vatn.

Det kunne han få. Men dei trudde han fann ikkje noko. Det hade vore leita så mykje før.

Så tok dei til å arbeide under låvekloppa. Og da dei kom ned på steinhella, så ville dei slutte å grava, dei andre, for dei trudde det var berget.

Men han gav seg ikkje førr han fekk opp steinhella, og da vart det vatn nok.

Så tykte dei det at det var mykje på for kva denne guten kunne få til.


Så fekk guten sjå at dotter ått presten gav på og spydde kvar dag. Og så spurde han, guten, korleis det skulle ha seg at ho gjev på slik allveg.

Ja, ho var klein, sa faren; det låg ikkje mat i henne. Og dei hade prøvd dokterar så mykje! Men det hade dei slutta med; det var inga råd for henne.

Så spurde guten presten ein dag um han skulle få gå inn i kirkja. Men det hade han ikkje noka lyst til, riktig, presten, for det første. Men så vart det no slik lel at han fekk det. Han fekk med seg lykelen og gjekk i veg.

Han fekk upp ei fjøl frami altarringen; for han visste no så vel kva for ei fjøl det var han skulle ta upp. Og så fann han brødet.

Så fekk ho det, og etter den dag vart ho frisk.

Og så enda det no med det at dei vart gifte.

Ordforklaringar

  • gadd, tørka furu som det er mykje harpiks i, og som difor kan stå lenge før ho rotnar.

Anmerkninger

E. L. 8, 192. Se N. E. nr. 613. En meget eiendommelig version av et eventyr som er litet utbredt her i landet, men hvis egentlige distrikt er Østeuropa og Midteuropa. Både her i Norge og i Sverige er vi i utkanten av eventyrets område; det kan en merke på at selve typen likesom løses op og selve hovedmotivet anbringes i forskjellige forbindelser. I «Tro og Utro», fra Ringerike, hos Asbjørnsen og Moe, har en en nogenlunde fuldstændig version av historien. Ellers har vi en optegnelse nede fra Stavangerkanten, som svarer til en sydeuropæisk formning, og som kanske er kommet hit med sjøfolk. At dyrene taler om den syke prinsesse og om vandmangelen, er det vanlige over hele verden i dette eventyr; men hesten som er så vanskelig at få tak i, er egen for de norske former. Vi har den i et eventyr fra Hardanger, og i et eventyr som drag for drag stemmer overens med Langsets. Men så er det også fra trakten omkring Kristiansund N., og Asbjørnsen skrev det op efter en Ekholm, som han traf ombord på «Ørnen», under sit Middelhavstogt. I den videre utvikling følger eventyret den vanlige type. Mal:Google 1