Flekkmarihand

Frå Alnakka.net
Flekkmarihand i GullsteinsdalenTustna i juli 2009.
Foto:Olve Utne

Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata) er ei plante i marihandfamilien (orkidéfamilien).

Utsjånad

Denna orkidéen har fått namn etter utsjånaden på blada sine. Han har nemlig massevis av svarte flekkar på dei grågrøne blada. Blomstrane kan variere mykje i farge, heilt frå ganske mørk rosa med raude tekningar til mesta kvite med lysrosa tekningar. Flekkmarihand blir kring 20–30 cm høg.

Flekkmarihand hører til den vanskelege slekta Dactylorhiza. I denne slekta er det mange artar som er vanskelege å sjå forskjell på, og spesielt vanskeleg er det å skilje flekkmarihand og skogsmarihand. Dei største forskjellane på desse to er at skogsmarihandplantor som regel er mykje større og har fleire og kraftigare farga blomstrar. Dessutan har flekkmarihand ei ganske rund form på underleppa, medan skogsmarihand har meir trekanta underleppe.

Blada er grøne med mørke flekkar.
Foto: Olve Utne

Førekomstar i Norge

Flekkmarihand er ein av dei vanlegaste orkidéane i Norge, og planta veks slik til at ho er den orkidéen som blir oftast sétt. Vekseplassane spenner frå fjørosteinane til langt til fjells, og geografisk finst planta frå Lindesnes til Nordkapp.

Grunnen til at flekkmarihand er så vanleg er at planta trivst i dei fleste terrengtypane og med dei fleste typane næringstilgang. Rettnok trivst flekkmarihand best i litt fuktig miljø, men elles trivst planta stort sett over alt. Det er likevel vanlegast å finne flekkmarihand i kystheiene frå Vestlandet til Nord-Norge.

Tradisjonell bruk

På samma viset som for mange andre orkidéar, vart flekkmarihand bruka som potensfremmande middel i tidlegare tider. Elles har flekkmarihand vorte bruka mot utslett, tannpine, augesjukdommar og tuberkulose.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Flekkmarihand» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.