Flatbrød

Frå Alnakka.net
Denna sida handlar om norsk flatbrød. For andre typar flatbrød, sjå Flatbrød (fleirtyding).

«Baksthy’ll» (bakstehelle, takke) som vart sett inn i grua, og som flatbrøda vart steikte på. Denna baksthyllå er frå Ytre Nordmør.
Foto:Olve Utne

Norsk flatbrød er ein type deigbakst utan hevemiddel som blir steikt i tynne leivar og blant anna bruka til tilhør til middag. På grunn av den gode haldbarheita har flatbrød tradisjonelt gjerne vorte bruka som reisemat og proviant. Flatbrødet blir gjerne rekna som fattigmannskost.

I Sverige kan visse former av tunnbröd minne noko om norsk flatbrød, men svenske tunnbröd har oftast hevemiddel og er òg gjerne noko tjukkare og mjukare, meir som den norske lefsa.

I jødisk samanheng blir flatbrødet som går under namnet maṣṣá laga hovudsakleg på same viset som det norske flatbrødet.

Oppskrifter

Kvardagsflatbrød

Tradisjonell norsk mat i tradisjon frå Nordmør

Ingrediensar

- havremjøl 
- litt vatn 

- litt byggmjøl

Framgangsmåte

Havremjøl og vatn blandast. Bruk byggmjøl til utkjevling. Steik på takke ved svak varme.

Festflatbrød

Tradisjonell norsk mat i tradisjon frå Nordmør

Ingrediensar

2,5 dl  byggmjøl 
2,5 dl  rugmjøl 
  -     kokte, mosa potetar 
( -     litt salt) 
  -     litt vatn 

  -     byggmjøl

Framgangsmåte

Bland mjøl, potetar, vatn og evt. salt. Bruk byggmjøl til utkjevling. Steik på takke ved svak varme.