Fjording

Frå Alnakka.net
Ein fjording på beite på Hjerl Hede i Danmark.
Foto:Tomasz Sienicki

Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten.

Kjennetekn

Fjordingen er kjennetekna med den blakke fargen sin og med den karakteristiske ståande manen. Manen har òg ein såkalla ål — ei mörk stripe frå manke til hale. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjent. Vanlig mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje ovanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjente nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk.

Fjordingen er hardfør og allsidig og kan bli bruka til mykje forskjellig. Han eignar seg bra som trekkhest. Fjordingen stammar opprinnelig frå den eldste typen nolevande hest i verda, den utryddingstruga przewalskihesten, og han er ein av de hesterasane i verda som liknar mest på den opprinnelige hesterasen.

Fjordingen er ein svært god kløvhest med ein lasteevne på kring 100 kg. (Foto: Frode Inge Helland, Aurlandsdalen 1961.)

Bruk

Fjordhestar har oftast godt gemytt, og de eignar seg ofte som førstehest. De blir òg mykje bruka til kjøring og anna tungt arbeid. Fjordingen har i de siste tiåra vorte utvikla til å bli ein god ridehest òg. Fjordingen var viktig i landbruket på mykje av Vestlandet fram til traktoren tok over.

Kvart år blir fjordhest-NM for junior og senior arrangert. Da blir det konkurrert i dressur, sprang og kjøring. For å vinne fjordhest-NM må ekvipasjane ta del i alle tre greinene.

I Frankrike har dei ole fram ein eigen hesterase basert på fjording og blanda med ymse andre hesterasar. Dessa hestane heter Henson[1]. De blir blant anna bruka til Polocrosse[2] og til Horseball.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Fjordhest» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.