Fartein Valen

Frå Alnakka.net

Fartein Valen (18871952) var ein komponist frå Stavanger. I dag er han høgt respektert og blir rekna som ein banebrytar for moderne musikk i Norge med sine atonale polyfone verk. Den mest kjente komposisjonen hans er orkesterstykket Kirkegården ved havet. Den legendariske kanadiske pianisten Glenn Gould sa ein gong om Valen at han for første gong på mange år hadde funne ein ruvande skikkelse i musikken frå 1900-talet.

Fartein Valen vaks opp i ein misjonærfamilie, og han var djupt kristen heile livet.

Livet

Oppvekst og utdaning

Olav Fartein Valen vart fødd den 25. august 1887 i Stavanger som son av misjonærar. Familien budde nokre år på Madagaskar tidleg i barndommen hans Fartein. I 1895 flytta familien tilbake til Stavanger, der han fikk klavérundervisning av Jeanette Mohr. Musikken var allveg hovudinteressa hans, men han var ein flink skuleelev òg, og han fikk toppkarakterar i alle fag utanom matematikk ved examen artium på Kongsgård skole i 1906. Samma året reiste han til Kristiania, der han begynte på musikkutdaninga. Han skulle opprinnelig studere filologi, men samtidig fikk han undervisning i harmonilære, kontrapunkt og komposisjon av Catharinus Elling. Etter kvart avbraut han filologistudia for å kunna vie seg til musikken. På samma tida fikk han undervisning i klavér- og orgelspel ved musikkonservatoriet, og han tok organisteksamen der i 1909.

Etter råd frå Elling og hjelp frå Max Bruch, gikk han vidare med musikkstudia ved musikkhøgskulen i Berlin. Her fikk Valen undervisning i analyse av Bruch sjølv, og i komposisjon av Karl Wolf. Med unntak av analyse- og klavérundervisninga, skal høgskulen ha vore ein skuffelse for Valen — skulen var for teknisk og lite kunstnerisk. Han gikk ut frå høgskulen i 1911, men vart i Berlin fram til 1915. Denne perioden bruka han godt; han lytta, studerte, var til stades ved orkesterprøvar, gav undervisning og komponerte.

Tilbake til Norge

Etter detta kom Fartein heim til Norge og flytta til den nye heimen til familien i Valevåg i Sunnhordland. Det var da komponistgjerninga hans tok til for alvor. Han gikk nøye til verks, og det blir sagt at han skal ha gjenomført kring 25 000 kontrapunktiske klavérøvingar. Etter kvart fann han fram til sitt eige atonale tonespråk, som han sjølv kalla «dissonerande kontrapunkt».

Valen var førebudd på motgang. Han tvilte likevel aldri på at han var på rett veg. Ei reise til Roma i 1922 gav honom ny inspirasjon. Etter at mora dødde i 1923, flytta han til Oslo, der han budde i store deler av 1920- og 30-åra. Denna perioden blir rekna som produktiv. Samtidig var det ei vanskeleg tid for komponisten. Folk reagerte ofte negativt på musikken hans, noko han tok seg kjøleg nær av.

Valen fikk stipendium i 1925 og vart inspektør ved Norsk Musikksamling ved Universitetsbiblioteket i Oslo. Detta gav honom ei lita, fast inntekt. I tillegg gav han privatundervisning, noko som hjelpte enda meir på den økonomiske situasjonen.

Han budde nokre år med søster si Magnhild Sendstad og familien hennar, og dessutan ein del på pensjonat. Arbeidsforholda var dårlege. I 1928 var han tre månader i Paris, og vinteren–våren 193233 var han i Italia i nokre vekkor og på Mallorca i eit halvt år. Opphaldet på denne «stille ø» vekte nye impulsar i honom og står som eit skilje i komponistkarrieren hans.

Kunstnarløn og anerkjennelse

Valen fikk innvilga komponistgasje av Stortinget i 1935. Dette tok han som ein endeleg anerkjennelse som kunstnar og som ei stor oppmuntring etter all motviljen frå publikum og kritikarar. Etter dette vart han teken meir på alvor, og stadig fleire musikarar tok verka hans med på repertoaret.

Valen fann seg aldri heilt til rette i Oslo, men det hadde vore nødvendig for honom å bu der for å kunna studere og høre musikk. Samtidig hadde han vorte økonomisk oavhengig takka vere komponistgasjen, og framför alt hadde han skaffa seg eit namn og ein personleg stil. Men han trong arbeidsro, og krigen truga hovudstaden.

I 1938 flytta han tilbake til Valevåg, der han vart buande de siste fjorten åra av livet sitt og komponerte de største verka sine. Søstra Sigrid Valen tok på seg alle praktiske gjeremål og sørga for at Valen fikk arbeidsro.

Etter andre verdskrigen fikk musikken ått Valen eit internasjonalt gjenombrott, og han hadde til tider eit større namn i Europa enn heime i Norge.

Fartein Valen dødde den 14. desember 1952 på sjukehuset i Haugesund av hjartesvikt etter lungebetennelse, 65 år gammel. Han fikk statsbegravelse og vart bisett på kirkjegarden i Valevåg.

Musikken

Det er ingen tvil om at den største inspirasjonskjelda ått Fartein Valen var musikken hans Johann Sebastian Bach. I eit radiointervju i 1951 sa han: “Bachs musikk er absolutt perfekt og ingenting kan förbetrast. Men han kan inspirere til å skapa musikk, og eg vart inspirert til å skapa min atonale musikk.” Han var oppteken av arbeida til Arnold Schönberg, Johannes Brahms og Palestrina òg. Dessutan let Fartein Valen seg inspirere av andre kunstartar som poesi og bildekunst.

Professor Kjell Skyllstad ved Universitetet i Oslo deler Valens verk stilmessig inn i tre hovudgruppor:

  • Verk i dur/moll-tonalitet,
  • verk i dissonerande polyfoni og
  • verk i fri tolvtoneteknikk.

Litteratur

  • Gurvin, Olav: Fartein Valen. En banebryter i nyere norsk musikk (1962)
  • Kortsen, Bjarne: Gjennom kamp til seier. Førstefremføringer av Fartein Valens musikk i norsk presse gjennom ca. 40 år. (1963)
  • Kortsen, Bjarne: Fartein Valen: Life and Music (1965)
  • Sørbø, Jan Inge: Symfoni No. 3, Opus 41 : roman 2006 / ISBN 82-521-6824-8
  • Tjørhom, Ola: Fartein Valen – vestlandspietist og modernistisk banebryter. Oslo : Genesis, 2004. (ISBN 82-476-0312-8)

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Fartein Valen» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.