Familiær middelhavsfeber
Familiær middelhavsfeber (FMF) er ein arveleg autosomal recessiv betennelsessjukdom som manifesterer seg i periodiske betennelsesrior med ojamne mellomrom. Miljøfaktorar som ser ut til å spela ein rolle er stress, utmatting og infeksjonar.
FMF er vanlegast i pasientgruppor med opphav kring Middelhavet — derav namnet. FMF er særleg vanleg blant armenarar (opp til éin av sju a. har FMF), sefardím (éin av seks blant jødar av maghrebisk opphav), tyrkarar, druzarar og libanesarar og ein del arabiske gruppor, men finst òg bl.a. blant asjkenazím.
|
Kliniske symptom
Rior
Det finst sju rietypar. 90 % av alle pasientar har den første ria føre dei er 20 år. Alle rior utviklar seg over 2–4 timar og varer mellom seks timar og fire dagar. Dei fleste rione inkluderer feber.
- Bukrior — med generelle buksmertor som kan vise alle tekn på akutt blindtarmbetennelse. Desse rione, som ein finn blant 95 % av alle pasientane, kan føre til onødvendig blindtarmoperasjon. Ofullstendige rior med lokal ømheit og normale blodprøvar er rapportert.
- Leddrior — lokalisert til store ledd, særlig hofte- eller kneledda. Vanlegvis er desse rione lokalisert til eitt ledd. 75 % av alle FMF-pasientar har leddrior.
- Bringerior med pleuritt (lungehinnebetennelse) eller perikarditt (hjartehinnebetennelse). Pleuritt opptrer i 40 % av pasientane, men perikarditt er sjeldan.
- Pungrior på grunn av betennelse i tunica vaginalis — denne tilstanden, som ein kan finne blant kring 5 % av pasientane, kan feildiagnostiserast som akutt skrotum.
- Myalgi (opptrer sjeldan åleine).
- Erysipelas (rosen)-aktige utslett på føterne, ovanleg åleine.
- Feber utan andre symptom. (25%)
Komplikasjonar
AA-amyloidose med nyresvikt er ein relativt vanlig komplikasjon og kan utvikle seg utan opne krisar. AA (amyloidprotein) blir produsert i svært store mengder under rione og i mindre mengder mellom dem og hopar seg opp særleg i nyrone, men òg i hjarta, milten, meltingskanalen og skjoldbruskkjertelen.
Det ser òg ut til å vara auka risiko for utvikling av visse vasculitt-relaterte sjukdommar (f.eks. Henoch-Schoenlein purpura), spondylartropati, langvarig gikt i spesifikke ledd og langvarig myalgi (muskelsmertor).
Diagnose
Diagnosen blir stort sett stilt på grunnlag av åtakshistorie — særleg i pasientar frå dei folkegruppone som har særleg stor risiko for FMF. Ein akuttfaserespons er til stades under rione, med auka C-reaktivt protein-nivå, høgt nivå av kvite blodcellor og andre tekn på betennelse. Blant pasientar med lang sjukdomshistorie er det viktig å overvake nyrefunksjonen for å vurdere risikoen for kronisk nyresvikt.
Sjukdomsmekanisme
Patofysiologi
Så å seie alle fall heng samen med ein mutasjon i MEFV-genet, som kodar for proteinet pyrin eller marenostenin. Dette vart oppdaga i 1997 av to oavhengige forskargruppor. Olike mutasjonar av dette genet fører til FMF; somme av dem fører til ei alvorlegare form av FMF enn andre. Dei relevante mutasjonane finn stad i ekson 2, 3, 5 og 10.
Funksjonen ått pyrin er enno ikkje fullt ut skildra, men det ser ut til å undertrykkje aktiveringa av caspase 1, enzymet som stimulerer produksjonen av interleukin 1β, eit cytokin som er sentralt i betennelsesprosessar. Vi veit ikkje sikkert akkurat kva som utløyser rione eller korfor overproduksjon av IL-1 skulle føre til spesifikke symptom i spesifikke organ (som for eksempel ledd eller bukhola).
Genetikk
MEFV-genet finst på det 16. kromosomet (16p13). Sjukdommen er normalt autosomalt recessivt arvelig. Om to asymptomatiske berarar får barn samen, så er det dermed 25 % sjanse for at dette barnet vil få FMF. Om den eine tå foreldra har FMF og den andre er asymptomatisk berar er den 50 % sjanse for at barnet får FMF, og om to FMF-pasientar får barn samen, vil barnet visselig få FMF. Det er òg verdt å merke seg at det finst fall som tyder på at det òg finst ei autosomal dominant utgåve tå FMF.[1]
Behandling
Rione går over av seg sjølv og kan lindrast med smertestillande medikament og ikkje-steroide antiinflammatoriske medikament (som t.d. diclofenac).
Sidan 1970-åra har kolkisin, eit lækjemiddel utvunne av Colchicum autumnale og elles bruka i behandling av urinsyregikt, vist seg å redusere åtaksfrekvensen blant FMF-pasientar. Nøyaktig kossen kolkisin undertrykkjer rione er ikkje fastslege enno. Sjølv om dette medikamentet ikkje er utan biverkningar (inkludert buksmertor og muskelsmertor), kan det føre til ei markant betring av livskvaliteten for mange pasientar. Ei typisk dosering er 1–2 mg kolkisin per dag. Utviklinga av amyloidose blir seinka av kolkisinbehandling.
Det blir òg forska på interferon som eit muleg terapeutisk verkemiddel.
Historie
Ein allergispesialist frå New York, dr. Sheppard Siegal, var den første som skildra peritonitt-rione i 1945. Han kalla dette «benign paroxysmal peritonitis», ettersom sjukdomsbanen i hovudsak var godarta. Dr. Hobart Reimann, som arbeidde på the American University in Beirut, gav ei meir fullstendig framstilling av det han kalla «periodic disease».
Kjeldor
- «Familial Mediterranean fever» frå Engelsk Wikipedia
- Livneh, A. & Langevitz, P.: «Diagnostic and treatment concerns in familial Mediterranean fever». Baillieres Best Pract Res Clin Rheumatol 2000;14(3):477-98. PMID 10985982.
- Reiman, Hobart A.: «Periodic disease. Probable syndrome including periodic fever, benign paroxysmal peritonitis, cyclic neutropenia and intermittent arthralgia.» JAMA 1948;136:239-44.
- Siegal, S.: «Benign paroxysmal peritonitis.» Ann Intern Med 1945;23:1-21.
- The International FMF Consortium: «Ancient missense mutations in a new member of the RoRet gene family are likely to cause familial Mediterranean fever.» Cell 1997;90:797-807. PMID 9288758.
- The French FMF Consortium: «A candidate gene for familial Mediterranean fever.» Nat Genet 1997;17:25-31. PMID 9288094.
- Booth, D.R. ... [et.al.]: «The genetic basis of autosomal dominant familial Mediterranean fever,» i Q J Med 2000; 93: s. 217–221. ISSN 1460-2725 [2]
Pekarar
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Familiær middelhavsfeber» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |