Fag:Naturfag
Frå Alnakka.net
kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur
astronomi • fysikk • kjemi • biologi • naturbruk
|
På siste delen av 1700-talet vart det gjort forsøk på å sette i gang reindrift på Island, og i åra 1771–1787 så vel som kring 1850 vart det utsett rein fleire plassar der, inkludert sørvest, nord og aust på Island. Reinane vart innført frå Norge, og blant dem som stilte dyr til rådigheit veit vi i alle fall om fjellfinnen Peder Jansen, som selte seks reinar til kongen og forærte enda tretti til for det formålet. Peder Jansen vart prisa av amtmann Ole Hannibal Sommerfelt på vintertinget i Alta i 1789, og skriftet Et Par Ord (1790) byggjer på denne talen. Les meir …
Jakobsstaven er eit stjernebilde med tre stjernor på rett line. Dette stjernebildet, som blant anna er kjent som Jakobsstaven på norsk, svensk og dansk og som De tre vise männen på svensk, er òg kjent som Orions belte og inngår som ein asterisme (ein del av ein offisiell konstellasjon) av Orion, som i tidlegare tider òg har vore kalla Jakob. Les meir …
Ris er ei grasplante som gjev eit stivelsesrikt korn. Namnet er bruka for både kornet og planta. Risen er rekna som eitt av de viktigaste kornslaga i verda. Han er det einaste hovudnæringsmidlet for mesta 50 % av menneska på jorda, og, til förskjell frå andre kornslag, blir meir enn 95 % av rishausten eten av menneske. Somme asiatiske språk brukar samma ordet for både ‘ris’ og ‘mat’. Ein kokar ris for å laga han til. Ris kan etast åleine, i suppe, eller med karri eller grønsaker. Les meir … Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi. Les meir …
Harr (Thymallus spp.; nyn./bm./sv. harr; nyn. horr; da. stalling; s.sam. haerrie; pites./lules. hár’re -rr-; n.sam. hárri/soavvil; enaresam. suávvil; fi. harjus/harri) er ein ferskvassfisk av laksfamilien som har ein karakteristisk, høg ryggfinne. Den europeiske harren (Thymallus thymallus) hører heime i den palearktiske klimasonen og er vanleg mange plassar i Nord-Europa — frå Dei britiske øyane og Frankrike i vest til dei russiske Uralfjella i aust. Han er vanleg i Nord-Norge og Norrland. Lenger sør finst han i enkelte vassdrag i Midt-Norge og på Austlandet (inkl. Glåma) så vel som i Svealand og i Götaland sørover til elva Lagan i Småland. I Skandinavia blir harren opp til kring 60 cm lang og 3,5 kilo. Les meir … Seder Zerangím er den første av dei seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Zerangím inneheld elleve massekhtót som, med unntak av den første, alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om landbruk i Ereṣ Jisraél (landet Israel). I Jerusjalmí blir alle de 11 massekhtót kommentert, medan den meir urbant orienterte Bablí berre inkluderer kommentarar til den meir generelle Massékhet Berakhót. Les meir …
Røye eller røyr (Salvelinus alpinus) er ein fisk av laksfamilien. Røya er den nordligaste av laksfiskane og finst i salt- og ferskvatn kring Nordishavet og Skandinavia, og i tillegg i ferskvatn i høgfjellsområda kring Alpane og Pyrenéane. Røya er ein god matfisk og blir rekna som delikatesse i Nord-Norge. Han blir noko bruka i landbasert fiskoppdrett. Les meir …
Toboggan (en.), frå utabaan (cree), utapan (innu), er ein meilaus kjelke eller sleda i form av eit rektangulært flak med oppkrumma front som tradisjonelt har vorte trekt enten av eit hundspann eller av ein person med trugor og bruka til transport om vinteren. Utom fangstkulturen blir toboggan gjerne bruka som akebrett i Canada og USA, og ordet blir ofte bruka med den generelle tydinga akebrett der. Les meir … Blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som tilhører lyngfamilien. Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantote greiner som blir brunaktige og vedote etterkvart, med tynne, elliptiske, takkote, lysegrøne blad som blir felt om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlege, krukkeforma blomstrar. Desse blomstrane utviklar seg vidare til saftige bær som varierer i farge frå mörkeblåe til svarte bær på den eine sida til kvitaktig blåe bær på den andre. Blåbæra er tradisjonelt ettertrakta til safting og sylting, og ho var ei viktig råvare i matauken i Skandinavia i tidlegare tider. Næringsverdien var lenge rekna som moderat, men nyare forsking har vist at bæra er svært rik på antioksidantar. Les meir …
Dalasauen (nyn./bm.) er ei krysning mellom spælsau og olike engelske rasar (sutherlandsau, leicestersau og sjeviot). Han er ein relativt stor sau med middels ullkvalitet. Dalasauer er vanlege over heile Norge, og 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen er dalasauer. Dalasauen har opphav i den innblandinga av leicestersau og delvis sjeviotsau i den gammelnorske sauen som begynte kring 1860. Desse blandingstypane viste seg å konkurrere godt i vestlandske fjordbygder med godt sommarbeite og god vinterfôring. Les meir …
Jamtgeit (sv. jämtget) er ein gammel geitrase frå Jamtland og Herjedalen. Jamtgeita er den minste skandinaviske geitrasen. På let er jamtgeita oftast kvit; gjerne med mørk ryggål og mørk maske og føter. Dei kan òg vara brokote eller brun/viltfarga. Både geiterne og bukkane har oftast horn. Rasen er utryddingstruga. I 2007 var det registrert 387 jamtgeiter i genbanken. Les meir …
Frå gamle tider har sauemerke, òg kalla krøttermerke, som viser kem som eig sauene vore skorne inn i sauørone — på samma viset som reinmerke i reindrifta. Sauemerka har først og fremst vore knyta til gardsbruka med eigarane sine, og merka har oftast gått i arv. Desse sauemerka har gjerne vorte registrert i handskrevne eller trykte merkebøker. Seinare vart sauene identifisert med påskrift på halsklavan i tillegg til dei tradisjonelle saumerka, og frå 1930-åra har aluminiums-øreklips vorte vanleg i staden for halsklavamerkinga. Plast-øreklips tok gradvis over for aluminiumsmerka i løpet av 1980-åra, og frå den tida har dei gamle øremerka gått meir og meir utur bruk. Sidan 2010 har elektroniske øremerke vore påbode anna enn i lam som skal slaktast före dei er 12 månader gamle og som ikkje skal eksporterast til nokko EU- eller EØS-land. Les meir …
Borghild Tenden (f. 23. juni 1951) er ein norsk politikar (V) som opprinnelig kjem frå Stryn kommune i Nordfjord. Ho vart innvelt på Stortinget frå Akershus i 2005 og er nestledar i Stortingets Transport- og kommunikasjonskomité. Som stortingspolitikar er ho særlig oppteka av effektiv kollektivtrafikk og sikrare vegar. Tenden er universitetsutdana i idrett, pedagogikk og jus (1971–77) og vart cand.polit. i sosiologi i 2000. Ho har arbeidd som lærar ved Valler videregående skole 1978–1993, som konsulent i Venstres stortingsgruppe 1993–1996 og som rådgjevar i Stortingets informasjonsseksjon 1996–2005. Les meir … Eit stabbur (stav-bur), òg kalla bur, stolpehus og stolpebu, er ei lita bygning som står på stavar av tre eller stabbar av stein i staden for å stå over ein kjellar, på grunnmur eller rett på bakkan. Visse typar toetasjes stabbur blir kalla stabbursloft eller loft mange stader. Primærfunksjonen til eit stabbur er å vara lagerplass for mat (oftast korn- og kjøttmat, men òg frukt nokre plassar), kledor og andre ting ein ikkje vil at mus, rottor og andre dyr skal nå i. Somme plassar brukar ein òg stabbura til overnattingsrom. Stabbur er svært vanlege i nordskandinavisk, samisk, austersjøfinsk og nordvest-russisk kultur, men finst òg blant anna i Valais i Sveits (raccard), i Asturias og Galicia i det nordvestlige Spania (hórreo, panera), i det nordlige Portugal (espigueiro) og blant indianarar i Alaska. Les meir …
Syrén (sv. syrén; da. syren; nyn./bm. syrin) er ei slekt av buskar og tre i oljetrefamilien som har dekorative og velduftande blomstrar. Fleire artar av syrén er utbreidd som prydvekstar: vanleg syrén (Syringa vulgaris), vippesyrén (Syringa komarowii) med fleire. Les meir …
Haustjamdøgn (òg skreve haustjamdøger) og vårjamdøgn er dei døgna da natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter haustjamdøgn blir dagane kortare og nettene lengre på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert begynnelsen av hausten. Det er vanleg å halde haustfestar kring denne tida, slik som sukkót i jødedommen og hausttakkefest i luthersk kristendom. I Japan er dagen ein offisiell høgtidsdag (秋分の日, Shūbun no hi) der ein besøkjer familiegravstader og held familieselskap. Les meir …
Månen (latin Luna; hebr. jaréaḥ (יָרֵֽחַ) el. lebaná (לְבָנָה)) er den naturlege satellitten til jorda og er synleg frå alle område på jorda. Månen er 3 476,2 km i diameter — det vil seie kring ¼ av jorda. Dette er ein ovanleg stor satellitt/planet-proporsjon og gjer at månen har merkbar innflytelse på jordbanen — og ikkje minst på tidevatnet i havet. Den tida månen brukar på eitt omløp kring jorda er konstant (29½ døgn), noko folk har bruka som ein praktisk målestokk for tidsrekning i ominnelege tider. Ordet månad er direkte avleidd av «måne». Les meir …
Ein mott (lat. Anobium punctatum), òg kalla stripot borebille, er eit insekt som gjer stor skade på hus og møblar i område med fuktig klima og milde vintrar. I Norge er motten mest utbreidd langs kysten frå Grenland til Troms. Når billone forlet det mottetne treverket, etterlet dei seg motthol (flygehol) som er kring 2 mm vide. Under motthola samlar det seg gjerne gulbrunt mottmjøl. Les meir … Beaufortskalaen er ein empirisk klassifikasjon av vindhastigheita. Skalaen vart laga i 1806 av Sir Francis Beaufort, ein irsk offiser i the British Navy (Den britiske marinen). Admiral Beaufort baserte skalaen på seglføringa ved bidevindsegling (segling med vinden i dei førande kvadrantane) på fullrigga orlogsfarty tidleg på 1800-talet. Skalaen fikk 13 nivå der 0–4 omfattar farten som fartyet kan ventast å nå med alle segl sett, 5–9 om den seglsettinga som trengst for å halde på manøvreringsevnen i ein stridssituasjon og 10–12 om kossen fartyet skal handterast för å overleva. Seinare meteorologar (the International Meteorological Committee, 1946) har lagt til trinn 13–17, som òg omfattar dei vindstyrkane som kan oppstå i tropiske orkanar, tornadoar (skypumpor) og liknande. Les meir …
Krystallsoda eller natriumkarbonat dekahydrat (Na₂CO₃·10H₂O) er eit hydrat av natriumkarbonat som blant anna blir bruka til reingjering og i glasproduksjon. Krystallsoda er sterkt feittløysande og eignar seg spesielt godt til reingjering av glas. Les meir …
|
|