Fag:Matematikk

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikknaturfag

astronomifysikkkjemibiologinaturbruk

Matematikk

Artiklar

Leví ben Geresjón (f. 1288 i Bagnols; d. 20. april 1344), òg kjent som Gersonides eller RaLBaG, var ein fransk-jødisk filosof, ekseget, matematikar og dokter. Han vart fødd i Bagnols i 1288 og dødde den 20. april 1344. Abraham Zacuto (Séfer Juḥasín, ed. Filipowski, s. 224) hevdar at Leví dødde i Perpignan i 1370, men den nøyaktige dødsdatoen hans er fastsett til 20. april 1344 av Petrus av Alexandria, som i 1345 omsette eit notat av Leví om konjunksjonen mellom Saturn og Jupiter (sjå Steinschneider i Hebr.Bibl. vii. 83-84). «Gersjuní», den hebraiske parallellen til «Gersonides», vart først bruka om Leví ben Geresjón av David Messer Leon (kring 1500).   Les meir …
Tz 019 Ki eshmera shabat.png
Sjabbát (hebr. שַׁבָּת šabbāt) eller sabbat (gjenom gresk σαββάτων), òg kalla sabbá (frå eldre sefardisk hebraisk uttale [sa'ba:ð]) og sjabbes (frå jid. שַׁבּת, shabbes), er namnet på den sjuande dagen i den jødiske vekka. Sjabbát, som begynner ved solnedgangfredagskvelden og varer til etter solnedgang på laurdagskvelden, er den jødiske kviledagen. I dette tidsrommet er det etter halakhá, eller jødisk religiøs lov, ikkje lov å gjera opp eld, koke nye matretter, reise utanom bygda/byen der ein var ved solnedgang på fredagskvelden, drive handel eller utføre noko slags handarbeid eller handverk.   Les meir …
Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfarty som kjem frå magnetismen i sjølve fartyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Specialkart over stroget om Engelvaer, Lovovaer, og Valsvaer...(1882).jpg
Eit draft eller eit sjøkart er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sétt frå sjøen. Eit hovudpoeng ved drafta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøro; tidlegare vart djupnene oppgjevne i famner, men frå innpå 1900-talet har norske draft gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Ei nautisk mil (= 1 bogaminutt), forkorta nm, tidlegare òg kalla kvartmil, er eit lengdemål som blir bruka til sjøs, i lufta og i meteorologi. Ei nautisk mil er 1 852 meter, som òg er omtrentlig lengd på eit breiddeminutt.Ei nautisk mil blir underdelt i ti kabellengder på 185,2 meter. I tidlegare tider svara ei nautisk mil, òg kalla kvartmil, til ¼ sjømil.   Les meir …
Jacobstaff.JPG
Ein jakobsstav (vanleg namn i samband med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i samband med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I samband med navigasjon galdt dét i all hovudsak måling av høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboga og baculus Jacob. Den opprinnelege jakobsstaven vart utvikla som ein enkel redskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra av den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»).   Les meir …
Oktant.jpg
Ein oktant (frå lat. octans, ‘⅛ av ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogan på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjykvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rollen som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hadde hatt tidlegare.   Les meir …

Populære sidor

  1. 1. mai (vist g.)
  2. 2. mai (vist g.)
  3. 3. mai (vist g.)
  4. 4. mai (vist g.)
  5. 5. mai (vist g.)
  6. 6. mai (vist g.)
  7. 7. mai (vist g.)
  8. 8. mai (vist g.)
  9. 9. mai (vist g.)
  10. 10. mai (vist g.)
  11. 11. mai (vist g.)
  12. 12. mai (vist g.)
  13. 13. mai (vist g.)
  14. 14. mai (vist g.)
  15. 15. mai (vist g.)
  16. 16. mai (vist g.)
  17. 17. mai (vist g.)
  18. 18. mai (vist g.)
  19. 19. mai (vist g.)
  20. 20. mai (vist g.)
  21. 21. mai (vist g.)
  22. 22. mai (vist g.)
  23. 23. mai (vist g.)
  24. 24. mai (vist g.)
  25. 25. mai (vist g.)
  26. 26. mai (vist g.)
  27. 27. mai (vist g.)
  28. 28. mai (vist g.)
  29. 29. mai (vist g.)
  30. 30. mai (vist g.)
  31. 31. mai (vist g.)
  32. 1. juni (vist g.)
  33. 2. juni (vist g.)
  34. 3. juni (vist g.)
  35. 4. juni (vist g.)
  36. 5. juni (vist g.)
  37. 6. juni (vist g.)
  38. 7. juni (vist g.)
  39. 8. juni (vist g.)
  40. 9. juni (vist g.)
  41. 10. juni (vist g.)
  42. 11. juni (vist g.)
  43. 12. juni (vist g.)
  44. 13. juni (vist g.)
  45. 14. juni (vist g.)
  46. 15. juni (vist g.)
  47. 16. juni (vist g.)
  48. 17. juni (vist g.)
  49. 18. juni (vist g.)
  50. 19. juni (vist g.)
  51. 20. juni (vist g.)
  52. 21. juni (vist g.)
  53. 22. juni (vist g.)
  54. 23. juni (vist g.)
  55. 24. juni (vist g.)
  56. 25. juni (vist g.)
  57. 26. juni (vist g.)
  58. 27. juni (vist g.)
  59. 28. juni (vist g.)
  60. 29. juni (vist g.)