Fag:Engelsk
Frå Alnakka.net
kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur
engelsk • hebraisk • norsk • spansk • tysk
Fish and chips eller fish ’n’ chips (ofte kalla fishan i Kristiansund), eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær gatekjøkenmattype av engelsk opphav og med irske og portugisarjødiske røter. Utom England er fish and chips populær elles på Dei britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Norge. I seinare år har òg fish and chips begynt å bli svært vanleg i USA og mange andre plassar. Les meir … Chaim Potok (17. februar 1929—23. juli 2002) var ein amerikansk romanforfattar og rabbinar. Romanane hans tek utgangspunkt i det asjkenazisk-ortodokse miljøet i byen New York og handlinga dreier seg ofte kring spenningsfeltet mellom olike tradisjonar såvel som spenningsfeltet mellom tradisjonelle verdiar og det moderne amerikanske samfunnet. Chaim Potok er særlig kjent for romanane The Chosen (1967) og My Name is Asher Lev (1972). Les meir …
Grace Aguilar (f. 2. juni 1816 i Hackney i England; d. 16. september 1847 i Frankfurt a.M. i Tyskland) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion. Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av portugisarjødiske föreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak heilt frå barndommen og viste tidleg interesse for historie — særlig jødisk historie. Da far hennar dødde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nån skodespel og dikt fikk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og de som bekjenner seg til den trua. Les meir …
|
|