Etróg
- Citrus medica blir omdirigert hit. For det forelda namnet Citrus medica limonum eller Citrus medica limon, sjå sitron.
etróg cedrat, sukatsitron, søtsitron | ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Eudicotyledonae | |
Underklasse: | Actinopterygii | |
Orden: | Sapindales | |
Familie: | Rutaceae | |
Slekt: | Citrus | |
Art: | medica | |
Vitskaplig namn | ||
Citrus medica |
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitron på norsk, er ei veldig aromatisk, sitronliknande frukt i sitrusfamilien. Etróg er eitt av slaga i arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). Det finst fleire typar etróg, men ikkje alle er kasjér til bruk for arbangá miním. Blant dem som ikkje blir bruka til det er fingeretróg («buddhahand») og florentinsk etróg.
I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøttet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for kledor.
Bruk under sukkót
Dei variantane av etróg som blir bruka under sukkót er levantinske etrogím, jemenittiske etrogím, marokkanske etrogím, calabriske etrogím og greske etrogím. Florentinske etrogím blir ikkje bruka, og heller ikkje den noko fjernare slektningen buddhahender.
Simaním (tekn)
Tekna på at ein etróg er kasjér er:
- det gule skalet skal vara klumpot;
- rotenden av frukta skal vara innsøkkt (konkav) ved overgangen til pedunkelen.
- albedoen, eller den kvite delen mellom skalet og fruktkjøttet, skal vara tjukk, og det skal vara lite fruktkjøtt, og fruktkjøttet er relativt tört; og
- steinane skal vara langsgåande heller enn tversgåande.
Galleri
- Marokkansk etróg.Foto: CitricAsset
- Jemenittisk etróg bruka under sukkót.Foto: BlackDot
Pekarar
- «Growing Your אתרוג Etrog Citron (Citrus medica L.) Tree» on Keithbrooks.com