Emne:Vestlandet

Frå Alnakka.net

SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

Austlandet • Agder • VESTLANDET • Midt-Norge • Nord-Norge • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland

Rogaland • Hordaland • Sogn • Fjordane • Sunnmør • Romsdal

Vestlandet

Artiklar

Andreas Haavoll (1869–1958) var ein bladmann frå Ørsta kommuneSunnmør. Etter å ha bestått mellomskuleeksamenHambros skule i Bergen, begynte han på Hamar lærarskule i 1888. Eksamen tok han i 1890. I åra 1890-93 var han tilsett ved Sandsvær Sparebank i Kongsberg. På sida underviste han ved ein privatskule i Evju i Sandsvær. På denna tida begynte han å skrive for Kongsberg Blad. I de neste åra var han lærar i Ulefoss, Eidskog og Langesund. I Langesund var han med og grunnla Brevikposten, og han leverte journalistisk stoff ått den avisa i 1897-99. I 1899 fikk han post som lærar i Kristiansund. Der vart han involvert i ein målstrid. Som ivrig nynorskforkjempar møtte han sterk motbør. Riksmålsmannen Jonas Hestnes og hans disiplar [laga] pipesjau åt meg i tre heile dagar,” sa han om denne tildragelsen seinare.   Les meir …
Ole Bull playing.jpg
Ole Bornemann Bull (f. 5. februar 1810 i Bergen; d. 17. august 1880) var ein verdskjent fiolinist og komponist i romantikken. Gjenom ei otilslørt interesse for norsk folkemusikk spela han ein sentral rolle da eit eige norsk kulturbilde skulle byggjast opp i tida etter unionsopplöysninga frå Danmark. Ole Bull var fødd på Svaneapoteket i Bergen, der far hans var apotekar. Familien hadde òg ein eigedom på ValestrandsfossenOsterøya. Her var Ole Bull fast kvar sommar frå han var liten gut, og det var her han vart interessert i norsk folkemusikk. Alt som tiåring var Bull ein framståande fiolinist. I tjueårsalderen vart han rekna som ein av dei store europeiske virtuosane, og da han var i 30-åra gjorde han det stort som artist i Nord-Amerika, der han bruka å halde til om vintrane.   Les meir …
Karl herschel.jpg
Karl Herschel (1821/221891), òg kjent som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skreve boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det davarande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg.   Les meir …
Moritz Rabinowitz (18871942) var ein asjkenazisk samfunnsengasjert handelsmann og gründer som var fødd i Polen, men som budde i Haugesund frå 1911 til han vart arrestert av nazistane i 1940 og seinare deportert til Sachsenhausen, der han dødde den 27. januar 1942. Moritz Rabinowitz vart fødd den 20. september 1887 i landsbyen Rajgrod i Polen. Han kom til Bergen i 1909 og til Haugesund i 1911. Han gifta seg med Johanne Goldberg (1889–1939), som var dotter ått Oberkantor Salomon Goldberg i Berlin, kjent for bygginga av synagogen «Friedenstempel» Halensee der. Ei dotter, Edith, gift Reichwald, vart fødd i 1918. I Haugesund opna han ein liten klesbutikk. Idéen hans var å gje bønder, fiskarar og arbeidarar stilfull mote for ein rimeleg penge.   Les meir …
Olav Håkonson Hauge (19081994), mest kjent som Olav H. Hauge, var ein av dei viktigaste norske lyrikarane innafor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var òg gartnar og dreiv med fruktproduksjon. Olav H. Hauge er kjent for ein ordknapp diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samenlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt.   Les meir …
Marie Takvam (fødd 6. desember 1926, d. 28. januar 2008) var ein forfattar frå Hjørundfjord i Ørsta kommuneSunnmør. Ho flytta til Oslo for å studere psykologi og vart buande der i mange år. Takvam debuterte 25 år gammel med Dåp under sju stjerner. Ho vart kjent ikkje berre for dikta sine, men òg for kor vakker ho var og for det til tider harde livet ho levde.   Les meir …
Dalasau.jpg
Dalasauen (nyn./bm.) er ei krysning mellom spælsau og olike engelske rasar (sutherlandsau, leicestersau og sjeviot). Han er ein relativt stor sau med middels ullkvalitet. Dalasauer er vanlege over heile Norge, og 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen er dalasauer. Dalasauen har opphav i den innblandinga av leicestersau og delvis sjeviotsau i den gammelnorske sauen som begynte kring 1860. Desse blandingstypane viste seg å konkurrere godt i vestlandske fjordbygder med godt sommarbeite og god vinterfôring.   Les meir …
Rygjasau eller rygja er ein saurase framolen i Rogaland ved kryssing av stadeigne sauer med engelske rasar (sutherland, leicester og sjeviot). Rygjasauen er ein velbygd sau og ulla er mesta heilt fri for marghår. Rygjasauen er no utbreidd over store deler av landet. 13 % av dyra i Sauekontrollen er rygja. Utgangspunktet for rygjasauen var at import av ymse saurasar som hadde vorte blanda med den lokale sauen hadde ført til ein svært oeinsarta saubestand i Rogaland. I det sterke saumiljøet i området hadde det vorte utvikla fleire lokal- og gardstypar av sau, og det vart avgjort at dei skulle satse på ein av desse typane for å ha éin rase dei kunne drive effektiv al av. Slike lønsame blandingstypar vart vist på sausjå første gongen i 1907, og i 1912 vart ein type frå Eigersunddistriktet utvelt. Arbeidet med å stabilisere typen vart igangsett, og rygjasauen vart godkjent som rase i 1924.   Les meir …
Eilef A. Meland.jpg
Eilef A. Meland (f. 12. april 1947 i Haugesund) er ein SV-politikar og samfunnsvitar frå Rogaland fylke. Han vart satt på Stortinget som SV-representant for Rogaland i 1989–1993, og han var medlem av Finanskomitéen frå 1989 til 1997. For tida (2009) er han tilsett ved helse- og sosialfaglig fakultet ved Universitetet i Stavanger.   Les meir …
Hadia Tajik.jpg
Hadia Tajik (f. 18. juli 1983) er ein journalist og arbeidarpartipolitikar frå Strand kommune i Rogaland. Föreldra innvandra til Norge frå Pakistan före ho vart fødd. Ho vaks opp i Bjørheimsbygd i Strand kommune i Rogaland fylke. Utdaninga hennar inkluderer ein mastergrad i menneskerettigheiter så vel som studium i journalistikk og juss. Ho har arbeidd som journalist blant anna i Aftenposten, Dagbladet og Verdens Gang. Ho vart velt inn på Stortinget ved valet i 2009. Da ho vart utnemnt til kulturminister fredagen den 21. september 2012, vart ho med det den første norske muslimske statsråden i Norge nån gong.   Les meir …

Populære sidor

  1. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  2. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  3. Kleppfiskbollar (vist g.)
  4. Eilef A. Meland (vist g.)
  5. Hardangerjakt (vist g.)
  6. Gammelnorsk sau (vist g.)
  7. Hadia Tajik (vist g.)
  8. Rygjasau (vist g.)
  9. Dalasau (vist g.)
  10. Kystgeit (vist g.)
  11. Marie Takvam (vist g.)
  12. Borghild Tenden (vist g.)
  13. Karl Herschel (vist g.)
  14. Andreas Haavoll (vist g.)
  15. Pinnekjøtt (vist g.)
  16. Bokbåten «Epos» (vist g.)
  17. Kristofer Janson (vist g.)
  18. Ole Bull (vist g.)
  19. Hagbarth Emmanuel Berner (vist g.)
  20. Olav H. Hauge (vist g.)
  21. Sunnmørsbåt (vist g.)
  22. Israel Gottlieb Wernicke (vist g.)
  23. Moritz Rabinowitz (vist g.)
  24. Johan Austbø (vist g.)
  25. Fartein Valen (vist g.)
  26. Geitbåt (vist g.)
  27. Romsdaling (vist g.)
  28. Zemanním for Ålesund (vist g.)
  29. Zemanním for Bergen (vist g.)
  30. Yngvar Nielsen: «Trondhjems stad og len under svensk styrelse» (vist g.)