Emne:Søndre Nordmør
Frå Alnakka.net
Austlandet • Agder • Vestlandet • MIDT-NORGE • Nord-Norge • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland NORDMØR • Fosen • Uttrøndelag • Trondheim • Inntrøndelag • Namdalen Kristiansund • Søndre Nordmør • Indre Nordmør • Nordre Nordmør |
Trefningane den 8. og 9. april 1537 var dei siste trefningane mellom den flyktande erkebiskopen av Nidaros. Olav Engelbrektsson, og den danske militærmakta ved Norskekysten. Det er oklart om desse trefningane fann stad i Hammarsunda på Tustna eller i Sveggesundet på Averøya. Dei aller siste trefningane fann stad ute i Nordsjøen i dagane etter, den 12. og 17. april. Les meir … Mek tinglag eller Meks tinglag var på 1600-talet og utover til tidlig på 1800-talet den rettslige administrative einheita som dekte novarande Averøy kommune og ytre deler av Eide på Nordmør, no i Hustadvika kommune. Tinglaget grensa til Gjemnes tinglag på Nordmør i sør og aust. I sørvest grensa tinglaget til Våge åtting i Romsdal. Les meir …
Hovenspringa'rn (uttale: ["hɔ:ʋenˌspɾeˌŋɑ.n]) er ein gammel sunndalsspringar som vi kjenner gjenom spelet hans Erik Almhjell. Namnet «Hovenspringa’rn» viser, som «Hovenvalsen», til garden Hoven i Sunndalen. Som i sunndalsspringarar generelt, så er taktslaga relativt jamnlange, og hovudbetoninga i dansespelet ligg på 1 og 2 heller enn på 1 og 3 som i todalspolsen. Slåtten går gjenomført i førsteposisjon i begge streva. Eit kjennspakt sunndalstrekk i Hovenspringa'rn er teknikken å dra over, som vi ser i første takta: Les meir …
David Glick (f. 4.10.1907 i Trondhjem; d. 22.01.1943 i Auschwitz) var ein asjkenazisk ekspeditør og transportarbeidar som vaks opp i Trondhjem. Han flytta til Sunndalsøra på Nordmør laurdagen den 6. september 1941 og arbeidde som transportassistent der fram til han vart arrestert av nazistane den 27. oktober 1942. Den 26. november vart han deportert med fangeskipet Donau og sendt til Auschwitz, der han vart drepen den 22. januar 1943. Les meir …
|
|