Emne:Progressiv jødedom

Frå Alnakka.net

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Temple Emanuel, Willemstad, Curacao.jpg

Progressiv jødedom er eit fellesnamn for de retningane av rabbinsk jødedom som er vidareutvikla av tysk reformjødedom, amerikansk reformjødedom, britisk liberal jødedom og britisk reformjødedom, og namnet blir ofte — særlig i Europa — òg bruka for den noko olike retninga rekonstruksjonistisk jødedom. Reformjødedommen oppstod som retning i Tyskland først på 1800-talet. Den første reformsynagogen vart formelt stifta i Hamborg i 1818 av sefardiske og asjkenaziske jødar. Inntil kring 1870 var songstilen i den hamborgske reformmenigheita i hovudsak sefardisk. Myten om at reformjødedommen er ei reint asjkenazisk retning er såleis ikkje sann.

Artiklar

Westfassade Poolstrasse.jpg
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen ått den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 18421844 etter tekningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde tekna Israelitisches Krankenhaus. I dag finst berre restane av den vestlige forhallen og den austlige apsisen att av den ein gong treskips synagogen som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå nymaurisk arkitektur. så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil.   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) er ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerer seg som egalitær i forhold til både kjøn og legning og er open for alle som kjenner seg tilknytt til jødedom og ønskjer å vara med, oavhengig av om de er jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten er sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg blir det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
RabbiJackieTabick.jpg
Jacqueline («Jackie») Tabick (f. 1949) er rabbinar i North West Surrey Synagogue i England, som er tilknytt Movement for Reform Judaism. Jacqueline [?] vart fødd i Dublin i Irland i 1949, men budde i England det meste av barndommen. Etter å ha lese mellomalderhistorie for graden sin ved Kings College London, begynte ho å studere ved Leo Baeck College. Ho vart ordinert derifrå som den første kvinnelege rabbinaren i Storbritannia i 1975.   Les meir …
Sherwin Wine (19282007) var ein rabbinar som først og fremst var kjent som grunnleggaren av the Society for Humanistic Judaism. Sherwin T. Wine vart fødd den 25. januar 1928. Han studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske menigheita — i Detroit i 1963.   Les meir …
ReginaJonas1.jpg
Regina Jonas (19021944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fikk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar. Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar dødde da ho var svært ung. Som mange kvinnor på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs for liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar». Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vara rabbinar etter halakhiske kjeldor?   Les meir …
Hebrew Union College 1 W4 jeh.JPG
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdaning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963).   Les meir …
Abraham Geiger.jpg
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av ledarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særlig trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.   Les meir …
Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (f. 27. februar 1950), f. Julia Schwab, er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av House of Lords (Overhuset) i Storbritannia for liberaldemokratane. Ho vart utdana ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London. Ho underviste ved Leo Baeck College frå 1977 til 1997. Neuberger var den andre kvinnelige rabbinaren i Storbritannia etter Jackie Tabick og var den første til å ha si eiga menigheit.   Les meir …
Rabbin Gabriel Farhi.jpg
Gabriel Farhi (f. 1968) er ein liberal rabbinar av osmansk-sefardisk slekt frå Frankrike. Gabriel Farhi vart fødd den 25. mai 1968 som son av rabbinar Daniel Farhi. Han studerte ved det rabbinske seminaret Leo Baeck College i London og vart ordinert som rabbinar der i 1996. Til daglig arbeider han som rabbinar i synagogen i rue Gaston de Caillavet i 15ème arrondissement i Paris og som sjukehusrabbinar ved l’Hôpital européen Georges-Pompidou i Paris. Han er òg ein av de tre rabbinarane som ledar Mouvement Juif Libéral de France (‘den liberale jødiske rørsla i Frankrike’).   Les meir …
David Woolf Marks (18111909) var den første åndelige ledaren for West London Synagogue of British Jews og blir rekna som «far ått den engelske reformjødedommen». David Woolf Marks vart fødd den 22. november 1811 i London. Han utdana seg ved Jews’ Free School i London. Han fungerte som pupil-teacher (lærarpraktikant) ved Solomon’s boarding-school i Hammersmith i fem år, og etter detta vart han assisterande lesar ved St. Alban’s Synagogue. Han sa opp den sistnemnte stillinga for å reise til Liverpool som assisterande lesar og sekretær. I Liverpool kom reformlegninga hans til uttrykk ved at han nekta å lesa frå Toráen på andre dagen av sjelósj regalím.   Les meir …

Populære sidor

  1. David Woolf Marks (vist g.)
  2. Gabriel Farhi (vist g.)
  3. Daniel Farhi (vist g.)
  4. Julia Neuberger (vist g.)
  5. Abraham Geiger (vist g.)
  6. Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion (vist g.)
  7. Regina Jonas (vist g.)
  8. Sherwin Wine (vist g.)
  9. Jackie Tabick (vist g.)
  10. Progressiv jødedom (vist g.)
  11. Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (vist g.)
  12. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg (vist g.)
  13. Forms of Prayer used in the West London Synagogue of British Jews (vist g.)