Emne:Ortodoks jødedom

Frå Alnakka.net

JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider
ortodoks • masorti (konservativ) • rekonstruksjonistisk • fornying • progressiv
Skandinavia • sefardím • asjkenazím • romaniotes • karaím • sjomerím

Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særlig lagt vekt på kasjrút (matförskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). Meir variable trekk innaför ortodoks jødedom inkluderer synet på og behandlinga av kol isjá (kvinnestemmor), zimmún/minján (teling av religiøst myndige jødar), kvinnor og tallét/tefillín og den praktiske utforminga og (graden av) bruk av meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samenhengar). Ortodokse jødar reknar si form av jødedommen for å vara den mest tradisjonelle og meiner vanlegvis at alle andre former av jødedom er eit brott med jødisk tradisjon. Konservative (eller masorti) jødar meiner på si side derimot gjerne at ortodoks jødedom har gått bort frå den tradisjonelle, dynamiske jødedommen til fordel for eit statisk og dogmatisk system.

Artiklar

Volozhin yeshiva.jpg
Jesjibàt Ngeṣ ḥajjím i Valozjyn (hebr. ישיבת עץ חיים בוולוזין), kjent på jiddisch som Eits chaiem jeshive eller Valozhin jeshive, var ein jesjibá i byen Valozjyn i det novarande Belarus. Jesjibáen vart grunnlagt i 1803 av rebbí Ḥajjim Volozhin, ein elev av Vilner Góen, og med verksamheita gjenom det meste av 1800-talet og nån år inn på 1900-talet kom denne jesjibáen til å spela ein sentral rolle i utviklinga av asjkenazisk ortodoks jødedom.   Les meir …
Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særlig lagt vekt på kasjrút (matförskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). Meir variable trekk innaför ortodoks jødedom inkluderer synet på og behandlinga av kol isjá (kvinnestemmor), zimmún/minján (teling av religiøst myndige jødar), kvinnor og tallét/tefillín og den praktiske utforminga og (graden av) bruk av meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samenhengar). Ortodokse jødar reknar si form av jødedommen for å vara den mest tradisjonelle og meiner vanlegvis at alle andre former av jødedom er eit brott med jødisk tradisjon. Konservative (eller masorti) jødar meiner på si side derimot gjerne at ortodoks jødedom har gått bort frå den tradisjonelle, dynamiske jødedommen til fordel for eit statisk og dogmatisk system.   Les meir …

Populære sidor

  1. Ortodoks jødedom (vist g.)
  2. Jesjibàt Ngeṣ ḥajjím i Valozjyn (vist g.)
  3. Synagoge Kohlhöfen (Hamborg 1859-1934) (vist g.)
  4. Meḥiṣṣá (vist g.)