Emne:Nordre Nordmør

Frå Alnakka.net

Austlandet • Agder • Vestlandet • MIDT-NORGE • Nord-Norge • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland

NORDMØR • Fosen • Uttrøndelag • Trondheim • Inntrøndelag • Namdalen

Kristiansund • Søndre Nordmør • Indre Nordmør • Nordre Nordmør

Nordre Nordmør eller Nordre Nordmøre er eit namn på den nordaustlegaste delen av Nordmør. Det varierer noko kva kommunar som blir rekna til området. Kjerneområdet er Smøla og Aure, men Halsa kan òg bli medrekna. Området har røter i Vik tinglag og Halsa tinglag rettsleg sétt og Aure prestgjeld og det seinare avdelte Edøy prestgjeld geistleg sétt. Avisa Nordvestnytt hadde Smøla og Aure som dekningsområde, og avisa Søvesten har Aure og Hemne som primærdekningsområde.

Artiklar

C06834 hoybore.jpg
Ei høybåre er ein stegaliknande landbruksredskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særlig vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjor og ordna i kjemmor med riva. Så legg ein kjemmone på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løda.   Les meir …
Arabolt.png
Arabolt, i formene Arabolten (Mal:Sg.) og Araboltan (pl.) er stadnamn som blir bruka om skjer, småe holmar eller skjergruppor. Namnet er registrert to plassar i Smøla kommune og éin plass i Aure kommune, begge på Ytre Nordmøre. Arabolten sørvest om Smøla ligg i overgangen mellom Blåsværsvaet og dei oreine farvatna Rotværet/Rotværdraget og Sandskjera. Han er ein langsmal holme med ei NO/SV-lengd på opp mot 200 m og breidd på kring 60 m. Nærme den butte nordaust-enden er det ein rundvorden haug på 13 m, og sørvest-enden går ut i ein spiss. Nørdre og Søre Arabolten i Breisvaet markerer, i hop med Trettholmen, grensa mellom det trygge svaet i aust og dei oreine farvatna kring Langlåtan og Kråkværet i sør og sørvest. Nørdre Arabolten er ein rundvorden holme med ein diameter på kring 30–40 m. Søre Arabolten er flatvorden og avlang med rett nordside og runda sørside; han har ei aust-vest-lengd på i overkant av 100 m og ei nord-sør-breidd på i underkant av 50 m. Araboltan ved Golma, òg registrert med namneformene Hareboltane og Havboltane, avgrensar det oreine farvatnet mellom leida sørom Langholmen i nord og Møyslåttsvaet og leida sørom Møyslåtten mot Linvågen i sør. Araboltan består av relativt mange skjer med variabel form.   Les meir …
Trefningane den 8. og 9. april 1537 var dei siste trefningane mellom den flyktande erkebiskopen av Nidaros. Olav Engelbrektsson, og den danske militærmakta ved Norskekysten. Det er oklart om desse trefningane fann stad i HammarsundaTustna eller i SveggesundetAverøya. Dei aller siste trefningane fann stad ute i Nordsjøen i dagane etter, den 12. og 17. april.   Les meir …
8772 Soevesten.jpg
Søvesten er ei lokalavis som blir utgjeva på Kyrksæterøra i Heim kommune. Hovuddekningsområdet er Heim kommune og Aure kommune. Søvesten kjem ut éin gong i vekka — kvar torsdag. Ansvarleg redaktør i 2010 var May S. Bjørkaas.   Les meir …
C01989 Langholmen (Aure kommune).jpg
Langholmen (D på Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommuneNordmør. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kirkjebøkerne frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinnelig haurde til Golmå, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender.   Les meir …
Edeyfjorden (NASA WW) med namn.png
Edøyfjorden er den delen av Trondheimsleia som ligg mellom Tustna, Solskjelsøya, Stabblandet, Ertvågsøya, Grisvågøya og Lesundøya mot fastlandet og Edøya og dei andre øyane og holmane innom Smøla mot havet.   Les meir …
Kr. Halse (1907) Folkemusik fra Nordmoere s. 01 (omslag).jpg
Kristian Halse (18581939) var ein lærar, kirkjesongar og tradisjonsinnsamlar frå Halsa, seinare òg busett i Todalen i Stangvik i novarande Surnadal kommune. Han er kjent for å ha samla inn folketonar frå Nordmør, blant anna etter Gråvinn (Ola Kvande). Kristian Halse var far ått læraren, forfattaren og spelmannen Leif Halse.   Les meir …
Leif Halse (18961984) er ein forfattar frå Surnadal kommuneNordmør som særlig er kjent som tekstforfattar til tekneserien om Vangsgutane. Han vart fødd i 1896 i Halsa og budde i Surnadal i oppveksten. Seinare budde han i Levanger. Han dødde i 1984.   Les meir …
Valseyfjord 8.52994E 63.11488N 2004-07.png
Valsøyfjorden er ein fjord og eit bygdalag på sørsida av VinjefjordenNordmør. Bygdalaget var tidlegare eigen kommune (sjå Valsøyfjord kommune) og i perioden 19642019 del av Halsa kommune, men har sidan 1. januar 2020 lege til Heim kommune.   Les meir …
Edeyfjorden (NASA WW) med namn.png
Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommuneNordmør. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlige halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til de elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kirkje, ei steinkirkje som vart bygd kring 1190 — opprinnelig truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt.   Les meir …

Populære sidor

  1. Høybåre (vist g.)
  2. Arabolt (vist g.)
  3. Hans Grøn Bull: «Et og Andet om Edøe-Præstegjeld paa Nordmøer» (vist g.)
  4. Trefningane den 8. og 9. april 1537 (vist g.)
  5. Holger Aresvik (vist g.)
  6. Ola Årsund (vist g.)
  7. Båtsmenn som dreiv med forræderi i Trondheim (1537) (vist g.)
  8. Jakt «Johanna» (1893) (vist g.)
  9. Søvesten (vist g.)
  10. Nordvestnytt (vist g.)
  11. Aurgjeldgeit (vist g.)
  12. Kystlaget Geitbåtens Venner (vist g.)
  13. Langholmen (Aure kommune) (vist g.)
  14. Sålåsundet (vist g.)
  15. Imarsundsambandet (vist g.)
  16. Nordre Nordmør (vist g.)
  17. Vinjefjorden (vist g.)
  18. Trondheimsleia (vist g.)
  19. Edøyfjorden (vist g.)
  20. Kristian Halse (vist g.)
  21. Leif Halse (vist g.)
  22. Valsøyfjorden (vist g.)
  23. Halsa kommune (vist g.)
  24. Domsutsegn frå Olaf Monsson i saka mot Ivar paa Stocke (1544) (vist g.)
  25. Statens Sauavlsgård på Edøy (vist g.)
  26. Edøya (vist g.)
  27. Kyrhaug (vist g.)
  28. Tyrhaug fyrstasjon (vist g.)
  29. Smøla kommune (vist g.)