Emne:Nordaust-USA

Frå Alnakka.net

Skandinavia • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • AMERIKA

Canada • USA • Mexico •

NORDAUST-USA • Midtvesten • Vest-USA • Sørstatane

Maine • New Hampshire • Vermont • Massachusetts • Rhode Island • Connecticut • New York • New Jersey • Pennsylvania

Nordaust-USA

Artiklar

JTSA (Wally Gobetz).jpg
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av de akademiske og åndelige sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av de viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław).   Les meir …
Shinnecock 1884.jpg
Shinnecockfolket eller the Shinnecock Indian Nation er ein stamme av amerikanske urfolk som sidan 1641 har vore busett ved Southampton lengst aust i the Hamptons, nær austenden av Long Island i staten New York. Tidlegare tala dei shinnecock, eit utdøydd austalgonkinspråk som blir rekna som ein dialekt av mohegan-pequot-språket. Mange slo lag med Brothertown-indianarane i New York og mista dermed den offisielle stammestatusen. Kring 150 medlemmar bur enno i det kring 3000 mål store Shinnecock-reservatet fem kilometer vest for tettstaden Southampton. Det har vore svært mykje inngifte med afroamerikanarar, så genetisk sétt er urfolkssærpreget deras mykje utvatna.   Les meir …
Gershom Mendes Seixas.jpg
Gershom Mendes Seixas (d. 2. juli 1816) var ein amerikansk-sefardisk ḥazzán som tjente ved Shearith Israel-synagogen i New York City (176876 og 17841816) og i Mikveh Israel-synagogen i Philadelphia (6. juni 1780 til pesaḥ 1784). Ḥazzán Seixas hadde lite formell utdaning, men han hadde god kjennskap til den sefardiske musikktradisjonen, var ein flink organisator, hadde veldig godt lag med menneske og dreiv omfattande sjølvstudium for å rette opp for den manglande akademiske bakgrunnen sin.   Les meir …
Aryeh Kaplan (19341983) var ein amerikansk ortodoks rabbinar og forfattar av opprinnelig osmansk-sefardisk bakgrunn som var kjent for den inngåande kunnskapen sin om både fysikk og kabbalá. Han var kjent som ein original tenkjar og produktiv forfattar — frå studiar kring Torá, Talmúd og mystikk til introduksjonspamflettar om jødisk tru og filosofi retta mot ikkje-religiøse og nylig-religiøse jødar. Verka hans blir rekna som ein vesentlig faktor i framveksten av bangal tesjubá-bevegelsen. Innaför sefardisk jødedom blir han særlig hugsa for omsettinga til engelsk av Mengám longéz.   Les meir …
Chaim Potok (17. februar 192923. juli 2002) var ein amerikansk romanforfattar og rabbinar. Romanane hans tek utgangspunkt i det asjkenazisk-ortodokse miljøet i byen New York og handlinga dreier seg ofte kring spenningsfeltet mellom olike tradisjonar såvel som spenningsfeltet mellom tradisjonelle verdiar og det moderne amerikanske samfunnet. Chaim Potok er særlig kjent for romanane The Chosen (1967) og My Name is Asher Lev (1972).   Les meir …
RRC.JPG
The Reconstructionist Rabbinical College (RRC) er hovudutdaningsinstitusjonen for rekonstruksjonistiske rabbinarar i USA. Seminaret, som i dag ligg i Wyncote i Pennsylvania, er akkreditert av Kommisjonen for høgre utdaning ved Middle States Association of Colleges and Schools i USA. Det femårs programmet, som inkluderer eitt studieår i Israel, fører fram til tittelen rabbinar og ein MA-grad i hebraisk. Seminaret vart grunnlagt i 1968 av grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske rørsla, Mordecai Kaplan, og heldt opprinnelig til i to murbygningar i 2308 North Broad Street i Philadelphia i Pennsylvania.   Les meir …
Hebrew Union College 1 W4 jeh.JPG
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdaning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963).   Les meir …
ALEPH Ordination Programs, eller ‘ALEPH ordinasjonsprogram’ på norsk, er namnet på det desentraliserte teologiske seminaret som blir dreve av ALEPH — felagskapet for Jewish Renewal. Skulen er i dag godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer ledarane av alle dei större nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane. Seminaret har tre program: det rabbinske programmet, rabbinsk pastor-programmet og kantorprogrammet. Dean (dekan, administrativ ledar) for seminaret er Marcia Prager (2005).   Les meir …
Rabbinar Sandy Eisenberg Sasso (f. 1947 i Philadelphia, Pennsylvania) er ein rekonstruksjonistisk rabbinar og barnebokforfattar. Ho vart ordinert ved Reconstructionist Rabbinical College den 19. mai 1974 som den første kvinnelege rabbinaren innafor rekonstruksjonistisk jødedom og den andre kvinnelege rabbinaren nån gong i USA. Sandy Eisenberg Sasso er gift med rabbinar Dennis Sasso, og dei har borna David (f. 1976) og Debora (f. 1979).   Les meir …
Rabbinar Ira Eisenstein (19102004) grunnla, i lag med Mordecai Kaplan, den rekonstruksjonistiske jødedommen i løpet av tida frå 1920-åra til 1940-åra. Under denne første tida var rekonstruksjonistisk jødedom ei radikal fløy innaför amerikansk konservativ (masorti) jødedom, men vart seinare formelt utskilt som ei sjølvstendig retning av jødedommen i og med opprettinga av the Reconstructionist Rabbinical College i 1968. Ira Eisenstein var fødd og oppvaksen i New York. Han tok Bachelor-graden og seinare òg ein doktorgrad ved Columbia University. I 1931 fikk han rabbinsk ordinasjon frå Jewish Theological Seminary. Blant lærarane hans der var rabbinar Mordecai Kaplan.   Les meir …

Populære sidor

  1. Gershom Mendes Seixas (vist g.)
  2. Academy for Jewish Religion (New York) (vist g.)
  3. ALEPH Ordination Programs (vist g.)
  4. Ira Eisenstein (vist g.)
  5. Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion (vist g.)
  6. Reconstructionist Rabbinical College (vist g.)
  7. Shinnecockfolk (vist g.)
  8. Chaim Potok (vist g.)
  9. Jewish Theological Seminary of America (vist g.)
  10. Sandy Eisenberg Sasso (vist g.)
  11. Aryeh Kaplan (vist g.)