Emne:Nord-Norge

Frå Alnakka.net

SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

Austlandet • Agder • Vestlandet • Midt-Norge • NORD-NORGE • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland

Helgeland • Salten • Lofoten • Vesterålen • Ofoten • Troms • Finnmark • Svalbard

Nord-Norge

Artiklar

Elias Blix.jpg
Elias Blix (18361902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten den 24. februar 1836 og dødde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Blix oppdaga landsmålet da han gikk på lærarskule i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla da han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekkobladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om å få preke i Gildeskålkirkja, men på grunn av arbeidet hans Elias Blix som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve.   Les meir …
Lyngshest.jpg
Nordlandshest eller lyngshest er ein hesterase frå Nord-Norge. Nordlandshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanlegvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av nordlandshestar er som ridehest og lett trekkdyr. Nordlandshesten har anane sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller i utmarka og var vant til å jobbe hardt. Desse hestane var aldri i hus og fikk ikkje tilskott av kjøpfôr slik det er vanleg i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølv i inn- og utmark. Dei åt det meste dei kom over av grønt.   Les meir …
Steigarsau eller steigar er ein saurase som vart utvikla i Nordland fylke frå 1880 og utover. Opphavet er stadeigne sauer som vart kryssa med importert sjeviotsau og seinare sutherlandsau. Steigarsauen er ein roleg, mellomstor og godt kjøttsett sau med gode morseigenskapar. I lag med dei to andre opprinnelege norske blandingsrasane, dalasau og rygjasau, er steigarsauen i ferd med å bevega seg mot ein felles crossbreed-type som blir kalla norsk kvit sau.   Les meir …
STN Cow.jpg
Sidot trønderfe og nordlandsfe (nyn. sidut t.; nyn./bm. sidet t., sidete t.) ofte forkorta til STN og òg kalla rørosfe, er ein svartsidot og kollot, mellomstor storferase frå Midt- og Nord-Norge med offisielt avgrensa opphav i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag fylke og Nordland. Det tilsvarande tradisjonelle svartsidote og kollote storfeet på Nordmør vart derimot (av amts- og fylkesadministrative grunnar?) definert inn under vestlandsk fjordfe da rasane vart definert mot slutten av 1800-talet og utover 1900-talet. I Norrland i Sverige finst òg liknande dyr, som der blir kalla fjällkor eller svensk fjällras.   Les meir …
Gunnar Berg Portrait.jpg
Gunnar Berg (f. 21. mai 1863 i Svolvær, d. 23. desember 1893 i Berlin) var ein norsk målar og kjent som ein av lofotmålarane. Gunnar Berg vart fødd i 1863 i Svolvær i Lofoten som væreigarson og vaks opp der. Det var opprinneleg meininga at han skulle satse på ein handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdaninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 18831885 studerte han målarkunst i Düsseldorf.   Les meir …
Hjell-oversikt.arj.jpeg
Tørrfisk (nyn. turrfisk; nyn./bm. tørrfisk; sv. torrfisk; da. tørfisk) eller stokkfisk (sv. stockfisk; da. stokfisk) er osalta fisk som er naturlig tørka av sol og vind på hjell eller, sjeldnare, tørka inne i eigne tørkeri. Å tørke mat er den eldste kjente konserveringsmetoden i verda, og tørka fisk er haldbar på årsvis. Metoden er billig òg — det kan gjerast av fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjent frå gamle tider i Norge; ordet «torsk» kjem frå det norrøne þurskr, som er ei ihoptrekt form av þurrfiskr (‘tørrfisk’). Tørrfisken er den vara Norge har eksportert lengst, og han er, attmed råoljen, naturgassen og inntektene frå handelsfloten, den samfunnsøkonomisk mest lønsame eksportvara gjenom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk.   Les meir …
Nordlandsgeit var ein av dei fire norske geiterasane som (i hop med saanengeit) er opphavet til norsk mjølkegeit. Jamt over var nordlandsgeiterne relativt like dei blåe og hornote vestlandsgeiterne, men det var tydeleg lokal variasjon. Typisk levandevekt var 40–45 kg. Misvær fjøsregnskapslag oppgav i 1940 ei årleg middelmjølkmengd på 390 kg og feittprosent på 3 %, medan Skjervold (1962) oppgjev same feittprosent, men middelmjølkmengd på 430 kg. Ei utfordring ved kjeldone er at dei gjerne grupperer geitene meir etter landsdel enn etter type. Såleis skreiv f.eks. Sigurd Trageton (1934): «I Nord-Norge er det mykje geit, men ho er endå meir ueinslaga enn lenger sør. Sume svært små, men og noko større. Målselvdalen hev mykje gode geiter. Lofoten og Vesterålen hev mykje tjoregeit At geita i Målselvdalen skilte seg ut kanskje tyde på at geiterne der var av dølatype?   Les meir …
10327 Semska-Stodi naturreservat.jpg
Semska–Stødi naturreservat i Saltdal kommune er eit våtmarksområde på høgfjellsplatået på Saltfjellet. Området, som vart verna i 1976, er på kring 13 km² og blir avgrensa av Stødi i sør, Semska i nord og jarnbanelina og E6 i vest.   Les meir …
Sulitjelmabanen at Sulitjelma.jpg
Sulitjelmabanen var ei jarnbanestrekning som gikk frå Finneid ved Fauske til Sulitjelma i Fauske kommune i Salten. Jarnbanestrekninga vart nerlagt og ombygd til veg i 1972, og traséen, inkludert fleire tunnelar, utgjer i dag riksveg 830. Aktiebolaget Sulitjelma gruber beslutta å byggje jarnbane, og arbeidet på banen begynte i mai 1891. Den 15. oktober 1892 opna jarnbanen mellom Sjønstå og Fossen. Sporet vart straks förlenga til Hellarmo, dit det vart ferdig året etter. Jarnbanen var det første jarnbaneanlegget i Nord-Norge. I desember 1912 begynte arbeidet med å byggje om og förlenge banen til Fagerli.   Les meir …
Håkon Evjenth (f. 26. desember 1894, d. 10. juni 1951) var ein forfattar og jurist frå Bodø som særleg er kjent for barnebøkerne sine frå nordnorsk natur. Håkon Evjenth vart fødd i Bodø onsdag den 26. desember 1894 som son ått advokat og statsråd Håkon Martin Evjenth (18651934) og Martha Backer (18671906). Han vaks opp i Bodø, vart cand.jur. i 1917, og budde nokre år i Oslo føre han starta eigen sakførarpraksis i Vadsø i 1921. I 1925 flytta han tilbake til Bodø. Han debuterte som forfattar i 1927 med boka Finnmarksjakter. Gjenombrottet kom med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935.   Les meir …
Håkon Martin Evjenth (18651934) var ein jurist og politikar frå Bodin i Salten. Han vart cand.jur. i 1889 og arbeidde som sakførar i Bodø frå 1894 og som advokat frå 1895. Som politikar virka han som ordførar i vekselvis Bodin kommune og Bodø kommune i fleire periodar. Han var justisminister i Mowinckelregjeringa (192830). Håkon Martin Evjenth dødde i 1934.   Les meir …
Johan Turi.jpg
Johan Turi (18541936) var ein samisk kunstnar og forfattar som blir rekna for å vara den første samiske forfattaren som gav ut verk på samisk. Den første boka hans, Muitalus sámiid birra, er framleis truleg det mest kjente samiske verket; ho er omsett til over ti olike språk, blant anna til svensk, dansk, engelsk, tysk og japansk.   Les meir …
Just Knud Qvigstad (f. 4. april 1853Lyngseidet; d. 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor føre 104-årsdagen sin – er det ovanleg langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplege publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærlegheitsfortelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!   Les meir …
13672 NSF krumstemning fraa Misvaer.jpg
Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanleg fram til tidleg på 1800-talet, føre dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og utan framlutande overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentleg lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane tydelege lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane. Krumstemningane, og da særleg åttringane, fikk ord på seg for å vara otrygge i grov sjø, og den hogde konstruksjonen let seg vanskeleg kombinere med industriell produksjon. Dette var to vesentlege grunnar til at den nyare nordlandsbåten med høgare fribord, vaterbord, tollpinnar og hovudsakleg saga bordgangar vart utvikla.   Les meir …

Populære sidor

  1. Nordafjelske mål (vist g.)
  2. Steigarsau (vist g.)
  3. Håkon Martin Evjenth (vist g.)
  4. Semska–Stødi naturreservat (vist g.)
  5. Bleikvassli Gruber (vist g.)
  6. Nordlandsgeit (vist g.)
  7. Sidot trønderfe og nordlandsfe (vist g.)
  8. Johan Turi (vist g.)
  9. Nordlandshest (vist g.)
  10. Elias Blix (vist g.)
  11. Håkon Evjenth (vist g.)
  12. Gunnar Berg (vist g.)
  13. Sulitjelmabanen (vist g.)
  14. Just Knud Qvigstad (vist g.)
  15. Krumstemning (vist g.)
  16. Tørrfisk (vist g.)