Emne:Klassisistisk musikk

Frå Alnakka.net

mellomalderen • renessansen • barokken • klassisismen • romantikken • modernismen
folkemusikk • pop/rock/jazz

Klassisistisk musikk

Artiklar

N77210 - Spinett - Benjamin Slade - foto Olav Nyhus.jpg
Eit spinett (it., spinetta, sp./pt. spineta, fr. épinette) er ein type cembalo der klaviaturet står på skrå av strengene. Instrumentet har gjerne tilnærma trekanta form sett ovafrå. Det eldste spinettet vi veit om vart bygd i 1631 av Hieronymus de Zentis. Av praktiske grunnar har spinett berre eitt strengregister, og den begrensa størrelsen på resonanskassen gjer òg at spinettet kjem best til sin rett i mindre rom. Spinettet har vore mest bruka i private heimar, der overkommeleg pris og lite plassbehov gjerne er meir avgjerande enn ein stor klang som ber godt.   Les meir …
Nathaniel Dance-Holland - Cristiano Giuseppe Lidarti and Giovanni Battista Tempesti - Google Art Project.jpg
Cristiano Giuseppe Lidarti (17301793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist av italiensk opphav som i vår tid særlig er kjent for det hebraiske oratoriet Ester. Christiano Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gikk på skule ved cisterciensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben.   Les meir …
Menuett er ein tradisjonell barokkdans av fransk opphav. Menuetten går i moderat, grasiøs tretakt og har to deler som kvar blir repetert i si opprinnelige form. Menuetten var ein av de best likte dansane ved hoffet til Louis XIV av Frankrike. Menuetten kom inn i den klassiske musikken gjenom den barokke dansesuiten og vart enda meir utbreidd da han vart etablert som fast tredjesats i klassisistiske symfoniar. I skandinavisk folkemusikk finst menuetten stadvis i Norge, Sverige og Finland — nokre gonger under noko olikt namn, slik som «Melodont» i Sunndalen.   Les meir …
Viol Abel TGainsborough1765.jpg
Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjent for komposisjonane sine for gambe (viola da gamba). Abel var fødd i Köthen som son ått ein fiolinist og hoffmusikar der. Det blir sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men det finst ikkje noko bevis for det. I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under ledelse av A. Hasse.   Les meir …
Martini bologna mozart 1777.jpg
Wolfgang Amadeus Mozart (17561791) var ein klassisistisk komponist og pianist frå Austerrike. Han er kjent som vidunderbarn og komponist av mange olike musikkstykke i klassisistisk stil. Han skreiv nån av høgdepunkta innaför opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk. Mozart var fødd den 27. januar 1756 i Salzburg, i det sjølvstendige erkebispedømmet Salzburg, og vart døpt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han vart fødd. Mora var Anna Maria Pertl Mozart, og faren var Leopold Mozart, ein ledande europeisk musikkpedagog. Leopold tok til å undervise sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring.   Les meir …
Beethoven 3.jpg
Ludwig van Beethoven (f. ca 16. desember 1770, d. 26. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjent for dei ni symfoniane og for klaversonatane sine, men òg blant anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein av dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjenom tidene.   Les meir …

Populære sidor

  1. Spinett (vist g.)
  2. Cristiano Giuseppe Lidarti (vist g.)
  3. Menuett (vist g.)
  4. Carl Friedrich Abel (vist g.)
  5. Wolfgang Amadeus Mozart (vist g.)
  6. Thomas Augustine Arne (vist g.)
  7. Johan Daniel Berlin (vist g.)
  8. Johan Henrich Berlin (vist g.)
  9. Ludwig van Beethoven (vist g.)
  10. Bilde av klassisistiske komponistar (vist g.)