Emne:Jødedom i Danmark
Frå Alnakka.net
JØDEDOM • kasjrút • esnogas • høgtider |
Hamborg & Slesvig-Holsten • Danmark • Norge • Sverige • Finland |
Julius Rée (1817–1874) var ein dansk-jødisk kjøpmann, forfattar og politikar. Julius Rée vart fødd i Århus på Jylland den 1. juni 1817 som son ått Hartvig Philip Rée. I 1842 opna han ei grossistförretning for landbruksprodukt i Randers. Han hadde mange offentlige verv der, inkludert som medlem av hamnekomitéen og som oldermann (1849–53); og dessutan var han ein representant for det jødiske samfunnet i Randers. Den 15. januar 1845 gifta han seg med søskenbarnet sitt, Louise Lipmann, dotter ått kjøpmann Lipmann i Ålborg. I 1857 overførte Rée förretninga si til København, og i 1864 vart han innvelt i det danske Folkethinget. Les meir … Hartvig Philip Rée (1778–1859) var ein dansk-jødisk kjøpmann og forfattar. Hartvig Philip Rée vart fødd den 12. oktober 1778 i Fredericia som son ått förretningsmannen Philip Hartvig Rée. Philip Hartvig Rée dødde under ei förretningsreise til Ålborg i 1799, og Hartvig Philip, som var den eldste av tretten søsken, tok da over ledelsen av Handelshuset Philip Hartvig Rée & Co. etter far sin. I heimen og med slektningar i Hamborg hadde den evnerike og flittige unge mannen lært kjøpmannskap; men han hadde òg studert Bibelen og gjort seg kjent med seinare jødisk filosofisk og poetisk litteratur under rettleiding frå den omvandrande litteraten Elasar Lisser. Verksamheita i handelshuset auka mykje etter at Hartvig Philip flytta hovudkvarteret til Århus og etter at to av de yngre brørne hadde etablert seg i samvirke med honom; Israel Philip Rée i Hamborg og Isak Philip Rée i Randers. Les meir … Marcus Melchior (1897–1969) var ein rabbinar frå København som blant anna er kjent som fungerande overrabbinar i Danmark under berginga av dei danske jødane i 1943. Marcus Melchior kom frå ein framtredande jødisk familie i Danmark. Etter nån få år som rabbinar i Tyskland, vart han rabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København i 1934. Les meir …
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utafor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjenom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år. Les meir … Elias Moses Delbanco (1750–1802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son ått Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (1756–1826), dotter ått Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802. Les meir …
Bendix Henriques (1725–1807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (förstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (förrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg. Pinches Nasche vart fødd i Nakskov på Lolland i 1725 som son ått asjkenaziske Moses Aaron Nathan (1690–1744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (1695–1746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques. Les meir …
Michael Melchior (f. 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet). Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fikk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tjente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nylig framleis var overrabbinar. Les meir …
David Simonsen (f. 17. mars 1853, d. 15. juni 1932) var ein dansk rabbinar med utdaning frå København og Breslau (det novarande Wrocław i Polen) som var overrabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København frå 1892 til 1902. Den store boksamlinga hans, som dekkjer mange humanistiske disiplinar og språkområde, og arkivet hans vart overteke av Det Kongelige Bibliotek i København i 1932. Les meir …
|
|