Emne:Islām
estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur
engelsk • hebraisk • kroppsøving • mat og helse • matematikk • musikk • naturfag • norsk • spansk • tysk
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
Islām er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islām er såleis rekna som ein av de abrahamittiske religionane. Han er den nest störste religionen i Norge. Tilhengarar av islām, kjent som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneska gjenom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adám, Nóaḥ, Ibrahim (Abrahám), Musa (Mosjé) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Norge i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåvor. Det er ikkje orimelig å tru at det har komme muslimar til Norge før detta òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Norge har det ikkje vore før etter andre verdskrigen. | |
Abraham Geiger (1810–1874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av ledarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særlig trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring. Les meir …
Al-Qur’ān (arabisk القرآن), oftast kalla Koranen på skandinavisk, er den helige skrifta i islām. Ho består av profeten Muḥammad sine openberringar. För dei truande er al-Qur’ān Guds ord i bokstavelig meining, ein kopi av ei himmelsk bok «nersendt» til Muḥammad gjenom openberringar. Al-Qur’ān er skreven på arabisk, og omsettingar blir ikkje rekna som helige, men som tolkingar av al-Qur’ān. Les meir …
Ein moské (arab. مسجد masġid) er eit muslimsk sakralbygg for bøn og koranstudium. Sentrale element i ein moské er mihrab (ei nisje i veggen som vender mot Mekka), minbar (ei troppliknande plattform nær mihrab der den religiøse ledaren ledar gudstjenestor og forrettar prekor), dikka (ei opphøgd plattform nærme atterveggen der lekfolk ledar gudstjenestor frå) og kursi (ein lesepult nærme dikka der al-Qur’ān (Koranen) blir lesen frå). Les meir …
Ein minbar (arab. منبر, minbar; pl. manābir), òg skreve mimbar, eller minber (tyrk.), òg skreve mimber, er ein prekstol som tradisjonelt finst i moskéar. Minbaren ligg normalt lengst fram i moskéen, til høgre for mihrab — nisja som viser retninga til Makkah (Mekka). Han er oftast forma som ei bratt tropp som fører opp til ei lita plattform med spisst tak der imāmen (eller ein annan ḫaṭīb — talaren under fredagsgudstjenesta eller på andre høgtidsdagar) held ḫuṭbah (preka). Ordet al-minbar ligg elles til grunn for almemmar, det vest- og sentral-asjkenaziske ordet for tebá (lesarplattform) i synagogen. Les meir …
Ustād Ali Akbar Khan (bengali আলী আকবর খাঁ, f. 14. april 1922, d. 18. juni 2009), ofte kalla Khansahib, var ein musikar i Maihar-gharānāen av hindustani klassisk musikk som først og fremst var kjent som ein virtuos sarōdspelar. Ustād Ali Akbar Khan spela ein avgjerande rolle i arbeidet for å gjera indisk klassisk musikk populær i Vesten, både som utøvar (ofte i lag med Ravi Shankar) og som lærar. Han grunnla ein musikkskule i Kolkata i 1956, og i 1967 sette han i gang Ali Akbar College of Music, som no har San Rafael i California som hovudsete og ei avdeling i Basel i Sveits. I tillegg til arbeidet sitt som utøvar og komponist innafor det tradisjonelle rāga-systemet er Ali Akbar Khan kjent som filmmusikk-komponist. Les meir …
Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস [Muhammod Iunus]) (fødd 28. juni 1940 i Chittagong) er ein muslimsk økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt — å gje småe lån for å starte opp næringsverksamheit til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggaren av Grameen Bank. Banken og Yunus delte Nobels fredspris i 2006, “for arbeidet deras for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedafrå”. Han er den tredje bengalaren som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen. Les meir …
Xhamia e Et'hem Beut (Mal:Alb.) eller Et'hem Bey-moskéen er den viktigaste moskéen i Tirana, som er hovudstaden i Albania. Bygginga av moskéen kom i gang i 1789 under ledelse av Mulla Beu (Mullah Bey). Mulla Beu dødde i 1807, og sonen Et’hem Beu (Ethem Bey) tok over som byggherre. Moskéen vart fullført i 1823. Han er ovanleg i og med at interiøret er gjenomgåande dekorert med rosemåling. Les meir …
|
|