Emne:Indre Nordmør

Frå Alnakka.net

Austlandet • Agder • Vestlandet • MIDT-NORGE • Nord-Norge • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland

NORDMØR • Fosen • Uttrøndelag • Trondheim • Inntrøndelag • Namdalen

Kristiansund • Søndre Nordmør • Indre Nordmør • Nordre Nordmør

Indre Nordmør

Artiklar

Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk. I Norge blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar.   Les meir …
Hovenspringarn 1. takt.png
Hovenspringa'rn (uttale: ["hɔ:ʋenˌspɾeˌŋɑ.n]) er ein gammel sunndalsspringar som vi kjenner gjenom spelet hans Erik Almhjell. Namnet «Hovenspringa’rn» viser, som «Hovenvalsen», til garden Hoven i Sunndalen. Som i sunndalsspringarar generelt, så er taktslaga relativt jamnlange, og hovudbetoninga i dansespelet ligg på 1 og 2 heller enn på 1 og 3 som i todalspolsen. Slåtten går gjenomført i førsteposisjon i begge streva. Eit kjennspakt sunndalstrekk i Hovenspringa'rn er teknikken å dra over, som vi ser i første takta:   Les meir …
David Glick (1907- ).jpg
David Glick (f. 4.10.1907 i Trondhjem; d. 22.01.1943 i Auschwitz) var ein asjkenazisk ekspeditør og transportarbeidar som vaks opp i Trondhjem. Han flytta til SunndalsøraNordmør laurdagen den 6. september 1941 og arbeidde som transportassistent der fram til han vart arrestert av nazistane den 27. oktober 1942. Den 26. november vart han deportert med fangeskipet Donau og sendt til Auschwitz, der han vart drepen den 22. januar 1943.   Les meir …
Kr. Halse (1907) Folkemusik fra Nordmoere s. 04.jpg
Ola Kvande (18341918), mest kjent som «Gråvinn», var ein spelmann frå Kvenna i Stangvik i den novarande Surnadal kommuneNordmør. Han var ein solid dansespelmann som spela i mange bryllaup. Han var av dem som heldt på tyskfela, og han kom dermed i skyggen av hardingfelespelmennene som naut høgare status i kappspelsamenheng og elles i den nasjonalistiske tida kring unionsoppløysninga i 1905. Gråvinn flytta da til Trondheim og budde der i ein del år.   Les meir …
Ole Andreas Lindeman.jpg
Ole Andreas Lindeman (17691857) var ein organist, pianist og musikkpedagog frå SurnadalenNordmør. Han var fødd den 17. januar 1769Øye i Surnadal av föreldra Anne Christine Tangen og den fløyte- og fiolinspelande amatørmusikaren Jacob Madsen Lindeman (17351822) som var sorenskrivarNordmør. Lindeman tok eksamen artium ved Trondhjems Latinskole före han reiste til København i 1788 for å studere ved Universitet i København. Den første tida der studerte han juss og arbeidde som kopist ved Rentekammeret. Etter kvart bruka han stadig meir av tida på musikk. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke i harmonilære og komposisjon og studerte elles klavér og fiolin.   Les meir …
Leif Halse (18961984) er ein forfattar frå Surnadal kommuneNordmør som særlig er kjent som tekstforfattar til tekneserien om Vangsgutane. Han vart fødd i 1896 i Halsa og budde i Surnadal i oppveksten. Seinare budde han i Levanger. Han dødde i 1984.   Les meir …
Kr. Halse (1907) Folkemusik fra Nordmoere s. 01 (omslag).jpg
Kristian Halse (18581939) var ein lærar, kirkjesongar og tradisjonsinnsamlar frå Halsa, seinare òg busett i Todalen i Stangvik i novarande Surnadal kommune. Han er kjent for å ha samla inn folketonar frå Nordmør, blant anna etter Gråvinn (Ola Kvande). Kristian Halse var far ått læraren, forfattaren og spelmannen Leif Halse.   Les meir …
Finnguten er det vanlege kallenamnet for den samiske gutungen som kom sjuk og forkommen ned i BøverdalenNordmør sist på 1800-talet. Gutungen fikk husrom i bygda, men ein morgon var han forsvunnen att. Jørgen Gravvold skreiv diktet «Finnguten» om denne hendelsen, og i 2001 sette han Kolbjørn Botten melodi til diktet. Eistein Bæverfjord laga film om hendelsen, og filmen hadde premiere i Bæverhall torsdagen den 29. september 2011.   Les meir …
17248cr Hans Groen Bull (1758-1833).jpg
Hans Grøn Bull (17581833) vart fødd 28. februar 1758Nordlandet i KristiansundNordmør av foreldra Anna Johanna Grøn og Jens Lemvig Bull. Han vart gift 1784 på Knudset i Øre (Gjemnes) med Anne Marie Kjestrup (17531790). Dei hadde dotra Anna Johanne Grøn Bull (17871867). Hans Grøn Bull dødde 26. januar 1833Tingvoll.   Les meir …
Vinjeoera.jpg
Vinjefjorden er ein smal og lang fjord som, i snevrare tyding, strekkjer seg frå Heim kommune i Fosen til Aursundet og Valsøyfjorden i Aure og Halsa kommunar på Nordmør. Europaveg 39 går langs heile sørsida av fjorden, medan Fylkesveg 359 går langs deler av nordsida. Vinjefjorden strekkjer seg offisielt frå Vinjeøra i aust og heilt til Talgsjøen i vest, men på grunn av sunda Aursundet, Imarsundet og Solåsundet i nord og sidefjordane Valsøyfjorden, Skålvikfjorden og Halsafjorden i sør, blir han stundom berre rekna for å strekkje seg til Aursundet. Korsnesfjorden er namnet på fjorden sørom Stabblandet, medan Arasvikfjorden ligg på sørsida av Ertvågsøya.   Les meir …

Populære sidor

  1. Driva (avis) (vist g.)
  2. Rørossamisk (vist g.)
  3. Trollheimsloven (vist g.)
  4. Eilert Moe (vist g.)
  5. Hovenspringa'rn (vist g.)
  6. David Glick (1907–1943) (vist g.)
  7. Zemanním for Sunndalsøra (vist g.)
  8. Erling Torske (vist g.)
  9. Sunndal kommune (vist g.)
  10. Grølislåtten (vist g.)
  11. Teskjahjellinn (vist g.)
  12. Ola Kvande (vist g.)
  13. Ole Andreas Lindeman (vist g.)
  14. Dú mín gås Kvíta (vist g.)
  15. Leif Halse (vist g.)
  16. Kristian Halse (vist g.)
  17. Jon M. Skogstad (vist g.)
  18. Finnguten (vist g.)
  19. Surnadal kommune (vist g.)
  20. Hans Grøn Bull (vist g.)
  21. Vinjefjorden (vist g.)
  22. Tingvoll kommune (vist g.)