Emne:Husdyrbruk

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikk • naturfag

astronomi • fysikk • kjemi • biologi • naturbruk

sjybruk • skogbruk • UTMARKSBRUK • HUSDYRBRUKåkerbruk • hagabruk

hjort • rein • geit • sau • storfe • hest • fjørfe

Husdyrbruk

Artiklar

Wisent.jpg
Ein visent (nyn./bm./sv./da.) eller europeisk bison (nyn./bm./sv.; da.: europæisk bison) (Bison bonasus) er eit oksedyr i slekta Bison og er det tyngste landdyret i Europa. Ein typisk visent blir 2,9 meter lang og innpå 2 meter høg; og vekta er inntil 900 kg. För 2 000 år sidan levde visentane i mestparten av Europa — frå England i vest til Sibir i aust, og frå Spania i sør til Sverige i nord. I Vest-Europa vart visenten utrydda på 1000-talet, anna enn i Ardennane, der han overlevde fram til 1300-talet. Den siste visenten i Transilvania dødde i 1790. I aust haurde visentane til dei polske kongane, dei litauiske storhertugane eller dei russiske tsarane etter loven.   Les meir …
Horse hjerl hede 2004 ubt.jpeg
Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten. Fjordingen er kjennetekna med den blakke fargen sin og med den karakteristiske ståande manen. Manen har òg ein såkalla ål — ei mörk stripe frå manke til hale. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjent. Vanlig mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje ovanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjente nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk. Fjordingen er hardfør og allsidig og kan bli bruka til mykje forskjellig. Han eignar seg bra som trekkhest. Fjordingen stammar opprinnelig frå den eldste typen nolevande hest i verda, den utryddingstruga przewalskihesten, og han er ein av de hesterasane i verda som liknar mest på den opprinnelige hesterasen.   Les meir …
Rooster Tyresta National Park.jpg
Bohuslän-Dals svarthöna er ein hønsrase som ein trur vart innført frå Moçambique til Nord-Europa av sjømenn ein gong på 1600-talet, og til Norge og Sverige i løpet av 1800-talet. Sidan den tid har rasen tilpassa seg skandinavisk klima. Men han har enda att det særpreget at kjøttet er mörkt. Ein hane kan vega oppimot 2 kg, medan høna veg 1,5 kg på det meste. Egga er små med stor plomme og veg 38-48 gram. Svarthøns flyg gjerne. Den novarande forma har fått lantras-status i Sverige, og alle svenske genbanksregistrerte besetningar stammar frå ein flokk som kom til Sverige kring 1900. I 1956 vart denna flokken kjøpt av to brør i Bullarebygd. Svenska Lanthönsklubben har bevart denna rasen i genbank sidan 1991.   Les meir …
C04364 jamtget.jpg
Jamtgeit (sv. jämtget) er ein gammel geitrase frå Jamtland og Herjedalen. Jamtgeita er den minste skandinaviske geitrasen. På let er jamtgeita oftast kvit; gjerne med mørk ryggål og mørk maske og føter. Dei kan òg vara brokote eller brun/viltfarga. Både geiterne og bukkane har oftast horn. Rasen er utryddingstruga. I 2007 var det registrert 387 jamtgeiter i genbanken.   Les meir …
C07766 norsk mjølkegeit.jpg
Norsk mjølkegeit (bm./nyn. n. mjølkegeit, bm. n. melkegeit, n. melkegjet; sv. norsk mjölkget; da. norsk mælkeged) er ein nyare samlerase for dei tidlegare norske mjølkgeitrasane. Opphavsrasane var først og fremst telemarksgeit (finbygd, kvit, oftast kolla), dølageit, vestlandsgeit og nordlandsgeit, og i tillegg noko innslag av saanengeit. Rasane vart ikkje offisielt ihopslegne føre tidleg i 1990-åra, og den norske mjølkgeita varierer enno mykje i størrelse og utsjånad. Både bukkane og geiterne kan vara horna eller kolla.   Les meir …
STN Cow.jpg
Sidot trønderfe og nordlandsfe (nyn. sidut t.; nyn./bm. sidet t., sidete t.) ofte forkorta til STN og òg kalla rørosfe, er ein svartsidot og kollot, mellomstor storferase frå Midt- og Nord-Norge med offisielt avgrensa opphav i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag fylke og Nordland. Det tilsvarande tradisjonelle svartsidote og kollote storfeet på Nordmør vart derimot (av amts- og fylkesadministrative grunnar?) definert inn under vestlandsk fjordfe da rasane vart definert mot slutten av 1800-talet og utover 1900-talet. I Norrland i Sverige finst òg liknande dyr, som der blir kalla fjällkor eller svensk fjällras.   Les meir …
206959 sauer paa Runde.jpg
Sauehald er ei undergrein av husdyrbruk. Sauen er truleg eitt av dei eldste husdyra, og i Norge veit vi at det har vore dreve med sauer i alle fall sidan bronsealderen. Sauen er, som geita, god å ta seg fram i ovegsamt landskap og utnyttar utmarksbeite i skog, hei og fjell godt. Saubeite i fjordane og utover øyane på kysten har vore ein hovudgrunn til at kulturlandskapstypen lynghei har vorte så utbreidd langs norskekysten og dei nordlige delene av Dei britiske øyane.   Les meir …
C05192cr nappakrok.jpg
Ein nappakrok eller ein høytjyv (nyn./bm. høytjuv, bm. høytyv) er ein harpunliknande redskap som blir bruka til å nappe ut høy frå hardtrappa høystål. Høyet skulle nappast ut slik at kanten av høyet stod som ein loddrett vegg. Dermed kunne ein følgje med forbruket utover vinteren. På midtvintersdagen (12. januar (somme sa den 16.)) skulle ikkje meir enn halvparten av høyet vara oppbruka.   Les meir …
Reindeer milking.jpg
Mjølk er namnet på væska som hopattedyr lagar for de nyfødde ungane sine. Menneske drikk morsmjølk som born, men mange drikk seinare òg mjølk frå andre dyr, særlig kyr, men òg frå blant anna sauer, geiter, reinsdyr og jakar. Mjølka frå kvar art har olik samensetning, men har òg mange fellestrekk. Ettersom drikken skal gje styrke til småe pattedyr som skal vekse, er han veldig næringsrik. Mjølk inneheld særleg proteinar og feitt — i tillegg til laktose, vitaminane A, B og D og mineral som kalsium og selen.   Les meir …
0095 reip med hegd.jpg
Ei reiphegd, òg kalla hegd og reipheld, er ei lykkje eller ein ring av tre i eine enden av eit reip eller tau. Sjølve hegda er gjerne tilbøygd av tre og ihopbunden i krysset. Hegda kan brukast til å tre reipet gjenom att for å halde ihop ei reipslegen børd (sjå høybørd), eller ho kan leggast kring eit skaft eller liknande tre for å gyrde fast børda på ei høybåre, ein sleda eller liknande.   Les meir …

Populære sidor

  1. Kve (vist g.)
  2. Slåttonn (vist g.)
  3. Spæl (vist g.)
  4. Islandshest (vist g.)
  5. Man (vist g.)
  6. Reiphegd (vist g.)
  7. Bjurholmshöns (vist g.)
  8. Nappakrok (vist g.)
  9. Jamtgeit (vist g.)
  10. Lofothest (vist g.)
  11. Norsk mjølkegeit (vist g.)
  12. Tölt (vist g.)
  13. Gammelnorsk sau (vist g.)
  14. Lauvkniv (vist g.)
  15. Bohuslän-Dals svarthöna (vist g.)
  16. Færøyhest (vist g.)
  17. Høybåre (vist g.)
  18. Sidot trønderfe og nordlandsfe (vist g.)
  19. Islandshøns (vist g.)
  20. Alpakka (vist g.)
  21. Fjøs (vist g.)
  22. Fjording (vist g.)
  23. Nordlandshest (vist g.)
  24. Mjølk (vist g.)
  25. Sauemerke (vist g.)
  26. Sauehald (vist g.)
  27. Visent (vist g.)
  28. Mjølkarrein (vist g.)