Emne:Götaland
Frå Alnakka.net
SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika
Austlandet • Agder • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge |
Bohuslän-Dals svarthöna er ein hønsrase som ein trur vart innført frå Moçambique til Nord-Europa av sjømenn ein gong på 1600-talet, og til Norge og Sverige i løpet av 1800-talet. Sidan den tid har rasen tilpassa seg skandinavisk klima. Men han har enda att det særpreget at kjøttet er mörkt. Ein hane kan vega oppimot 2 kg, medan høna veg 1,5 kg på det meste. Egga er små med stor plomme og veg 38-48 gram. Svarthøns flyg gjerne. Den novarande forma har fått lantras-status i Sverige, og alle svenske genbanksregistrerte besetningar stammar frå ein flokk som kom til Sverige kring 1900. I 1956 vart denna flokken kjøpt av to brør i Bullarebygd. Svenska Lanthönsklubben har bevart denna rasen i genbank sidan 1991. Les meir …
Den novarande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (1808–1855) vart tekna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn. Les meir …
Oscar Ivar Levertin (1862–1906) var ein svensk forfattar, kulturskribent og litteraturhistorikar. Levertin var ein dominerande stemme i den svenske kulturdebatten frå 1897, da han begynte å skrive i Svenska Dagbladet. Frå 1899 var han òg den første innehavaren av det nyoppretta professoratet i litteraturhistorie ved Stockholms universitet (davarande Stockholms högskola) og publiserte flittig og innflytelsesrikt i denna rollen òg; framför alt studiar i svensk 1700-talslitteratur. Les meir …
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utafor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjenom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år. Les meir … Elias Moses Delbanco (1750–1802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son ått Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (1756–1826), dotter ått Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802. Les meir …
Bendix Henriques (1725–1807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (förstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (förrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg. Pinches Nasche vart fødd i Nakskov på Lolland i 1725 som son ått asjkenaziske Moses Aaron Nathan (1690–1744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (1695–1746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques. Les meir …
Abraham Baer (fødd i 26. desember 1834 i Filehne i Prøyssen (no Wieleń i Polen); død den 7. mars 1894 i Göteborg i Sverige) var ein tysk-asjkenazisk ḥazzán, musikar og komponist. Far hans ville at han skulle bli rabbinar, men Abraham var så glad i musikk og synagogesong at han velte å bli ḥazzán (kantor) i staden. I særdeles ung alder flytta han til Tyskland og tok timar for å forberede seg til livet som ḥazzán. Han var ḥazzán i Pakosch og Schwetz i Vestprøyssen ei stund; og i 1857 fikk han ein post i Göteborgs synagoga. Han var alt godt forbereidd i hebraisk og Talmúd, og han eigna tida si til å tileigne seg verdslege kunnskapar, inkludert musikkvitskap. Hovudfokuset hans var innafor jødiske tradisjonelle melodiar, eit felt som hadde vorte lite utforska fram til da. I 1871, etter femten års hardt arbeid, gav han ut verket Bā'al Tefillah, oder der Practische Vorbeter, ei omfattande samling av jødiske tradisjonelle melodiar. Les meir …
|
|