Emne:Canada

Frå Alnakka.net

Skandinavia • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • AMERIKA

Canada • USA • Mexico • Mellom-Amerika • Karibia • Sør-Amerika

Canada

Artiklar

Mech 06.jpg
Pearykaribu (Rangifer tarandus pearyi), en. Peary Caribou, er den minste underarten av dei nordamerikanske karibuane og lever på dei høgarktiske øyane lengst nord i Nunavut og Northwest Territories. Pearykaribuen er den minste av dei nordamerikanske reinane: Vaksne simlor har ei snittvekt på 60 kg og snittlengd på 1,4 m, og vaksne oksar har ei snittvekt på 110 kg og snittlengd på 1,7 m. Pelsen er på lag skifergrå om somrane og nærmast kvit om vinteren. Karakteristiske drag som dei deler med svalbardreinen er den korte mulen og dei korte føterne. I 1961 fanst det over 40 000 pearykaribuar, men i 2009 var bestanden nere i kring 700 dyr. Hovudgrunnen til den dramatiske nergangen er truleg dei milde vintrane med mykje smelting og frysing, slik at beita låser seg.   Les meir …
Caribou.jpg
Karibu (innlånt til engelsk som caribou kring 1665, truleg frå mi'kmaq kaleboo), eller nordamerikansk rein, er fellesnamnet på fleire underartar av rein (Rangifer tarandus) som har sitt naturlige utbredelsesområde i Nord-Amerika og på Grønland. Dei nolevande underartane av karibuen er skogskaribu (Rangifer tarandus caribou), grønlandsrein (Rangifer tarandus groenlandicus) og pearykaribu (Rangifer tarandus pearyi). I tillegg blir alaskakaribu (Rangifer tarandus granti) medrekna, men det er osikkert om alaskakaribuen eigentlig bør reknast som ein eigen underart eller som populasjonar av grønlandsrein.   Les meir …
Reindeer in Kangerlussuaq (Brandt).png
Grønlandsrein (Rangifer tarandus groenlandicus) og alaskakaribu (av ein del rekna som eigen underart, Rangifer tarandus granti), er karibuar som lever i områda frå Vest-Grønland, Nunavut (sørom Parry Channel) og nordlige deler av Northwest Territories (grønlandsrein) til Yukon og store deler av Alaska (alaskakaribu).   Les meir …
Dog sledges of the Mandan indians 0029v.jpg
Toboggan (en.), frå utabaan (cree), utapan (innu), er ein meilaus kjelke eller sleda i form av eit rektangulært flak med oppkrumma front som tradisjonelt har vorte trekt enten av eit hundspann eller av ein person med trugor og bruka til transport om vinteren. Utom fangstkulturen blir toboggan gjerne bruka som akebrett i Canada og USA, og ordet blir ofte bruka med den generelle tydinga akebrett der.   Les meir …
Louis Danto (f. 2. mai 1929 i Suwałki, d. 2010 i Toronto) var ein lyrisk tenor og ḥazzán som var kjent over store deler av verda for konsertframføringane og opptaka sine av italiensk, russisk og fransk operarepertoar så vel som jiddisch musikk og ḥazzanút, der han var blant dei ledande nolevande tolkarane. Han heldt eit stort antal konsertar i Nord-Amerika, Europa og Israel, og han spela inn 24 soloalbum for RCA, DaCamera, Musical Heritage Society og Cadenza. Fleire komponistar har skreve — og tileigna — musikk til Louis Danto. Han tjente som ḥazzán ved Beth Emeth Bais Yehuda Synagogue i Toronto i Ontario frå 1973 og heilt til han gikk av med pensjon i 1998.   Les meir …

Populære sidor

  1. Naressundet (vist g.)
  2. Toboggan (vist g.)
  3. Fransk (vist g.)
  4. Karibu (vist g.)
  5. Grønlandsrein (vist g.)
  6. Pearykaribu (vist g.)
  7. Louis Danto (vist g.)