Emne:Austsamar

Frå Alnakka.net

URFOLK OG NASJONALE MINORITETAR • nyare minoritetar

SAMAR • finnar/kvener • romanifolk • sigøynarar • jødar

sørsamar • umesamar • pitesamar • lulesamar • nordsamar • enaresamar • austsamar

Gruppeportrett av skoltefamilie i friluft (Wessel).jpg

Skoltesamar eller austsamar er eit austsamisk folk som tradisjonelt hører heime i Sør-Varanger kommune i Norge; i Inarin kunta i Finland; og i Pečengskij rajon og deler av Kol’skij rajon i Russland. Dei utgjer det vestligaste av dei austsamiske folka — med unntak av enaresamane, som stundom blir rekna som vestsamiske. Skoltesamane har tradisjonelt vore delt i fire siidaer: Njauddâm-siidaen (Neiden-s., med sommarsete og kirkjeplass i Neiden), Paaččjokk-siidaen (Pasvik-s., med sommarsete og kirkjeplass i Boris Gleb), Peäccam-siidaen (Petsamo-s., med sommarsete og kirkjeplass (inkl. kloster) ved Petsjenga) og Suõ´nn´jel-siidaen (Suenjel-s.). Søraust for Suenjel grensar skoltesamane historisk til det nærskyldte folket akkalasamane, der den siste morsmålstalande dødde i desember 2003.

Artiklar

Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sétt begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskreve, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart omulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.   Les meir …
13651crj skoltebask Petsamo c1900.jpg
Skoltesamiske båtar inkluderer skoltebask — eit namn som viser til relativt lette og korte elvabåtar for bruk i breide og rolige elvar og litt kraftigare båtar for inste fjordstrøk; og veenâs — noko større fjord og havfiskebåtar. Skoltebåtane har til felles at bordgangane er sauma heller enn klinka, at det enkle, symmetriske råseglet gjerne er breidt oppe og smalare nede, og at båtromma er relativt småe. Dei største båtane blant skoltesamar så vel som russarar på Kolahalvøya var snjaka — store og grovbygde, opne båtar med lengd på kring 7–12 meter og éi til to mastrer, der stormastra var råsegl- eller spriseglrigga og mesanmastra, når ho fanst, var gaffelrigga.   Les meir …
Petsjenga (gjenom russ. Печенга) eller Petsamo (gjenom fi. og sv.), frå skoltesamisk Peäccam (n.sam. Beahcán), er namnet på landområdet rett austom grensa mellom Sør-Varanger kommune i Norge og Murmansk fylke i Russland. Området er skoltesamisk frå gamle tider, og i si moderne utstrekning utgjer området austdelen av Paaččjokk-siidaen (Pasvik), heile Peäccam-siidaen (Petsamo) og den vestlige delen av Suõ´nn´jel-siidaen (Suenjel). Området kom under russisk kontroll i 1533. I og med Tartutraktaten i 1920 vart mestparten av området lagt til Finland, men i 1944 vart det innlemma i den davarande Sovjetunionen og utgjer i dag hovuddelen av Petsjengskij rajon i Russland.   Les meir …
Sevettijärven kirkko2.jpg
Če´vetjäu´rr (Mal:Skolt.), Čeavetjávri (n.sam.) eller Sevettijärvi (fi.) er ein innsjø og ei bygd i Inarin kunta i Lapin lääni i Finland. Bygda ligg 35 km sørvest for Njauddâm (Neiden) i Sør-Varanger kommune i Norge og 120 km nordom kommunesenteret i Inari. Če´vetjäu´rr var eitt av dei fem haustseta for Njauddâm-siidaen. Da Sovjetunionen la under seg Petsjenga i 1944 vart dei fleste medlemmane av Suõ´nn´jel-siidaen evakuert hit, og i 1949 vart det etablert ei bygd her for Suõ´nn´jel-samane. Befolkninga i Če´vetjäu´rr er kring 350 og består av kring 90 % skoltesamar.   Les meir …
Pazretskij pogost (1911).jpg
Boris Gleb (nyn./bm.; russ. Борисоглебский) eller Skoltfossen (fi. Kolttaköngäs) er ein tradisjonell skoltesamisk plass og ortodoks kirkjestad på vestbredda av Pasvikelva. Området, som opprinnelig er skoltesamisk, vart lagt under Russland i 1533, og i 1920 kom det under Finland som konsekvens av Tartutraktaten. I 1944 vart det 3,6 km² store området lagt under Sovjetunionen/Russland, der det hører til Pečenskij rajon (Пе́ченгский райо́н) av Murmanskaja oblast’.   Les meir …
Shnyaka.gif
Sjnjaka (russ. шняка, шнека el. шнек) er ein tradisjonell nordvestrussisk og austsamisk open, spissgatta fiskebåt med årar og segl. Eit karakteristisk trekk ved sjnjakaen så vel som med eldre skoltebaskar og liknande båtar, er at borda er sauma heller enn klinka. Sjnjakaen som vi kjenner han frå 1800-talet hadde normalt ei totallengd på 7–12 m, førte éi master med råsegl eller sprisegl og hadde mannskap på fire. Lasteevnen var normalt 2,5–4 tonn. Dei største fartya hadde òg mesanmaster med gaffelsegl, så vel som baugspryt med fokk.   Les meir …

Populære sidor

  1. Boris Gleb (vist g.)
  2. Če´vetjäu´rr (vist g.)
  3. Petsjenga (vist g.)
  4. Sää´mođđâz (vist g.)
  5. Sjnjaka (vist g.)
  6. Skoltesamar (vist g.)
  7. Skoltesamiske båtar (vist g.)