Emne:Agder

Frå Alnakka.net

SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

Austlandet • AGDER • Vestlandet • Midt-Noreg • Nord-Noreg • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland

Setesdal • Sørlandet

Agder

Artiklar

Wergeland.jpg
Henrik Arnold Wergeland (17. juni 180812. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikle mykje av den norske nasjonalkjensla og blir gjerne òg rekna som ein av de største norske lyrikarane gjenom tidene. Han er først og fremst kjent som ein romantisk diktar. Wergeland var son av politikaren og teologen Nicolai Wergeland og kona Alethe Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Namnet Henrik fikk han etter morfaren Henrik Arnold Thaulow som var byskrivar i Kristiansand. Familien flytta frå Kristiansand til Eidsvoll da Henrik var 9 år gammel.   Les meir …
Loveleen Rihel Brenna.jpg
Loveleen Rihel Brenna (f. 1967) i India) er ein forfattar frå Agder. Ho vart fødd i India fredag den 6. oktober 1967 av ein far som var sikh og ei mor som var hindu, og ho kom til Kristiansand samen med foreldra sine i 1972. Loveleen Rihel Brenna er utdana i pedagogikk, psykologi, sosialpedagogikk med vidareutdanning i migrasjon og fleirkulturell forståelse, og ho driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv òg foredrags- og kursverksamheit kring desse emna.   Les meir …
Hans Ross by L Szacinski.png
Hans Ross (f. 14. april 1833; d. 16. juli 1914) var ein teolog, ordboksredaktør, målmann og statsstipendiat frå Mandal. Hans Matthias Elisæus Ross vart fødd søndag den 14. april 1833 i Holum i Mandal. Han var presteson og vart student i 1849, etter å ha vore elev av blant andre lektor Ole Kristian Thistedahl ved Kristiansand katedralskole. I 1852 vart han cand.theol. Han arbeidde deretter som lærarvikar, studerte tysk i Tyskland 1856–57, engelsk i England 1859–60 og underviste i språk ved skular i Christiania. Etter sitt første møte med Ivar Aasen i 1857, fann Ross livsoppgåva si i å vidareføre og utvide Aasen sitt ordboksverk.   Les meir …
Fjorde Mose-bok (Seippel), s. 14.jpg
(Heinrich Julius Manfred) Alexander Seippel (18511938) var ein norsk filolog, folkeminnesamlar og bibelomsettar. Alexander Seippel er i dag best kjent for å ha stått for kring halvparten av den første nynorske bibelomsettinga som Studentmållaget i Oslo gav ut i 1921. Som språkforskar gjorde Seippel ein stor innsats ved at han samla omtale av Norden og nordiske tilhøve i arabiske skrifter. Arbeidet, Rerum Normannicarum fontes Arabici, kom ut i to band i 1896 og 1928. Den første utgjevne bibelomsettinga hans var Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Umsett fraa grunn-teksti, utgjeva som vedlegg til Syn og Segn i 1905.   Les meir …

Populære sidor

  1. Rekkjetun (vist g.)
  2. Knut Johannessen (f. 1955) (vist g.)
  3. Marta Steinsvik (vist g.)
  4. Hans Ross (vist g.)
  5. Alexander Seippel (vist g.)
  6. Loveleen Rihel Brenna (vist g.)
  7. Henrik Wergeland (vist g.)