Emne:1800-talet
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
100-talet · 200-talet · 300-talet · 400-talet · 500-talet · 600-talet · 700-talet · 800-talet · 900-talet · 1000-talet · 1100-talet · 1200-talet · 1300-talet · 1400-talet · 1500-talet · 1600-talet · 1700-talet · 1800-talet · 1900-talet · 2000-talet ·
Hammarklaver (nyn./bm.; bm. hammerklaver) eller fortepiano er eit instrument med strenger der tonen blir dana ved at ein trehammar, som regel dekt med eit lett dempande lag av lêr eller filt, slår an strengen og trekkjer seg unna strengene att; og der demparar stoppar tonen når ein slepper tangenten. I prinsippet er fortepiano på lag samma instrumenttypen som piano, men namna fortepiano og hammarklaver blir gjerne bruka om instrumenta frå dei første åra på 1700-talet og fram til tida kring 1830. Sist på 1700-talet og eit par tiår inn på 1800-talet vart det òg eksperimentert mykje med både instrumentform og teknikk, inkludert kabinettpianoet og lyrepianoet. Ein variant av fortepianoet som levde vidare langt utover 1800-talet var taffelpianoet. Les meir … Beaufortskalaen er ein empirisk klassifikasjon av vindhastigheita. Skalaen vart laga i 1806 av Sir Francis Beaufort, ein irsk offiser i the British Navy (Den britiske marinen). Admiral Beaufort baserte skalaen på seglføringa ved bidevindsegling (segling med vinden i dei førande kvadrantane) på fullrigga orlogsfarty tidleg på 1800-talet. Skalaen fikk 13 nivå der 0–4 omfattar farten som fartyet kan ventast å nå med alle segl sett, 5–9 om den seglsettinga som trengst for å halde på manøvreringsevnen i ein stridssituasjon og 10–12 om kossen fartyet skal handterast för å overleva. Seinare meteorologar (the International Meteorological Committee, 1946) har lagt til trinn 13–17, som òg omfattar dei vindstyrkane som kan oppstå i tropiske orkanar, tornadoar (skypumpor) og liknande. Les meir … Otto Jespersen (f. 16. juli 1860 i Randers; d. 30. april 1943) var ein dansk språkforskar. Otto Jespersen vart fødd måndag den 16. juli 1860 i Randers i Danmark som son ått herredsfoged og justitsråd Jens Bloch Jespersen (død 1870) og Sophie Caroline, f. Bentzien. Han vart dimittert frå Frederiksborg Skole i 1877. I tida 1893–1925 var han professor i engelsk språk ved Københavns Universitet. Forskinga hans heldt så høgt nivå at bøkerne hans om engelsk språk og grammatikk vart bruka ved dei engelske universiteta. Boka Fonetik (1897–1899) blir stadig rekna som ein milepåle innafor den europeiske språkvitskapen. Les meir …
Xhamia e Et'hem Beut (Mal:Alb.) eller Et'hem Bey-moskéen er den viktigaste moskéen i Tirana, som er hovudstaden i Albania. Bygginga av moskéen kom i gang i 1789 under ledelse av Mulla Beu (Mullah Bey). Mulla Beu dødde i 1807, og sonen Et’hem Beu (Ethem Bey) tok over som byggherre. Moskéen vart fullført i 1823. Han er ovanleg i og med at interiøret er gjenomgåande dekorert med rosemåling. Les meir …
«Fjordamerra» er ein kirkjebåt frå Årvågsfjorden i Aure på Nordmør som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til Geitbåtmuseet på Engjan i Valsøyfjord i Heim kommune på Nordre Nordmør. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997. Les meir …
Gunnar Berg (f. 21. mai 1863 i Svolvær, d. 23. desember 1893 i Berlin) var ein norsk målar og kjent som ein av lofotmålarane. Gunnar Berg vart fødd i 1863 i Svolvær i Lofoten som væreigarson og vaks opp der. Det var opprinneleg meininga at han skulle satse på ein handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdaninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 1883–1885 studerte han målarkunst i Düsseldorf. Les meir …
Elias Blix (1836–1902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten den 24. februar 1836 og dødde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Blix oppdaga landsmålet da han gikk på lærarskule i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla da han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekkobladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om å få preke i Gildeskålkirkja, men på grunn av arbeidet hans Elias Blix som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Les meir …
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Les meir …
Den novarande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (1808–1855) vart tekna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn. Les meir …
Karl Herschel (1821/22–1891), òg kjent som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skreve boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson. Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det davarande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg. Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart tekna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstjenestone. Sitteplassane er inndelt i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinnor, og til høgre i hovudrommet sitt kvinnor og menn i lag. Les meir …
Synagogen i Lübeck ligg i St.-Annen-Straße 13 i Lübecker Altstadt, mellom den evangelisk-lutherske Aegidienkirche og St.-Annen-Kloster, som i dag er bymuseum. Den opprinnelig nymauriske synagogen med kuppel vart ferdigbygd i 1880, medan Salomon Carlebach (1845–1919) var overrabbinar der. Etterfølgjaren hans i stillinga var sonen hans, Joseph Carlebach (1883–1942). Siste menigheitsrabbinaren der (1921–1938) var David Alexander Winter (1878–1953). Les meir …
Den tidlegare synagogen for det jødiske samfunnet i Massenbachhausen vart teken i bruk i 1826, men vart stengt alt i 1865 og ombygd i 1872 til eit bustadhus med stall. I dag (juni 2007) er bygninga i svært dårlig stand, men det er kunngjort oppussingsplaner. Les meir …
Synagogen i Esslingen am Neckar låg i huset Am Heppächer 3 i Esslingen am Neckar. Bygninga var opprinnelig laugshus for vevarar og skreddarar. I 1819 vart bygninga innvigd som synagoge. Under krystallnatta natt til 10. november 1938 vart bygninga skjenda av nazistiske pøblar. Den tidlegare synagogen fungerer no som kunstgalleri. Les meir …
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen ått den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 1842–1844 etter tekningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde tekna Israelitisches Krankenhaus. I dag finst berre restane av den vestlige forhallen og den austlige apsisen att av den ein gong treskips synagogen som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå nymaurisk arkitektur. så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil. Les meir …
|
|
<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>