Emanuel Mendez da Costa

Frå Alnakka.net

Emanuel Mendez da Costa (f. 5. juni 1717; d. 1791) var ein portugisarjødisk botanikar, naturalist, filosof og litteratursamlar frå England.

Emanuel Mendez da Costa vart fødd den 5. juni 1717. Han var ein av de første jødane som vart tekne opp som felag ved the Royal Society of London, der han verka som bibliotekar. Han var òg felag ved the Royal Antiquarian Society of London, så vel som medlem av det botaniske selskapet i Firenze, the Aurelian Society og the Gentleman’s Society at Spalding.

De utgjevne verka hans inkluderer A Natural History of Fossils (1757), Elements of Conchology, or An Introduction to the Knowledge of Shells (1776), British Conchology (1778), så vel som fleire viktige artiklar i the Philosophical Transactions of the Royal Society og andre vitskaplege tidsskrift.

Kjeldor

Jewish Encyclopedia