Eiriksmess

Frå Alnakka.net

Eiriksmess, òg skrive e(i)riksmesse, fell på 18. mai og blir markert til minne om den svenske kongen Erik Jedvardsson, som vart drepen på den dagen i 1160. Dagen blir markert med eit sverd, eit aks eller ei krone på primstaven.