Eine

Frå Alnakka.net
Eine (Juniperus communis subsp. communis) i Nederland.

Eine eller einer (latin Juniperus communis), òg kalla brake og brisk, er eit litevorde bartre av sypressfamilien med varierande vekstform. Eine har aromatisk, kompakt og sterk ved med bark med utprega baststruktur. Veden er veleigna til småhusflid. Einebær blir mykje bruka til krydder — særleg til viltretter, pinnekjøtt og til brennevinet sjenever (genever, gin).

Utsjånad

Bruk

Mat

Einebær

Einebær

Einebær blir bruka som krydder i samband med viltretter og pinnekjøtt, og stundom òg i andre matretter. Brennevinet sjenever (òg kalla genever eller gin) er smaksett med einebær.

Einekvistar

Berkte pinnar av eine blir lagt nedst i gryta når ein dampar pinnekjøtt i ein del vestlandsfamiliar. Dessa pinnane hjelper til å halde kjøttet utur vatnet, og de gjev i tillegg pinnekjøttet ein lett aroma av eine. Ein kan òg legge til nokre einekvistar med bar og bær på for ekstra smak.

Husflid

Landbruk og fiske

Eine er sterk, fleksibel og sein til å rotne, og eignar seg dermed godt til tilverking av olike redskap og børnskap som lyt tola vêr og vind.

Staur

Rettvaksne, berkte eineemne eignar seg godt til staur. På grunn av liten tilgang på rette emne, er det ikkje så vanleg å bruke eine til vanleg gjerdestaur, men einestaurar er tradisjonelt ein del bruka som hesjestaur, og de er spesielt veleigna som kornstaurar.

Onglar

Nordmør vart fiskekrokar av eine bruka til relativt moderne tid, og muntlige tradisjonar om det vart nerskrevne på 1800-talet.

Arkitektur

Nokre plassar på Vestlandet blir einekvistar tradisjonelt bruka til brakekledning — ein byggjeteknikk der eit rammeverk i grindverk, stavverk eller bindingsverk blir tett utfylt med ein grov vevnad av oberkte einekvistar med bar. Brakekledning er mest bruka i samband med uthus som naust, lødor og utlødor.

Namngjeving

Ettersom einer er ein vanleg busk i Norge, har han gjeve namn til fleire norske plassar — slik som Briskeby, Einerhaugen og Enerhaugen. Planta har derimot ikkje noko med mannsnamnet Einar å gjera.

Sjå òg


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Eine» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.