Edøya
Edøya | |
---|---|
Geografi | |
Fil:Norway - Edeya.png | |
Stad | Nordmør |
Koordinatar | 63°18′03″ N 08°10′18″ Ø
|
Areal | 7,5 km²
|
Høgaste punkt | Storvarden (41 moh)
|
Administrasjon | |
Land | Norge |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Demografi | |
Folketal | 56 (2001) |
Folketettheit | 7,5 /km² |
Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommune på Nordmør. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlige halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til de elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kirkje, ei steinkirkje som vart bygd kring 1190 — opprinnelig truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt. I dag er øya eit trafikknutepunkt med bru- og vegförbindelse over Kulisvaet, Kuli og Rossvolløya til Straumen på Fast-Smøla, ferjeförbindelse til Sandvika på Tustna og hurtigbåtförbindelse mot Kristiansund og Trondheim. Det er korresponderande bussar til aust- og vestsida av Smøla, og på Sandvikssida er det korrespondanse med bussruta Kjørsvikbugen–Kristiansund. Det er föreslege tunnel frå Valen på Edøya over Edøyfjorden til Høvika på Ertvågsøya,[1] noko som vil gje fastlandsförbindelse for Smøla kommune om det blir gjenomført.
I kulturell samenheng har Gurispelet av Peggy Kruse innteke ei stadig meir sentral rolle de siste åra, og eit amfiteater som skal heita Gurisenteret er planlagt å vara ferdig til sommaren 2009.
Topografi
Edøya er smal og langstrakt og for det meste relativt flat. Ved sjølve Edøygarden og kirkjestaden nærme sørvestenden av øya er det eit eid. Litt nordaust for detta eidet ligg haugen Storvarden, som med sine 41 moh. er det høgaste punktet på heile Edøya. Lenger nordaust ligg det eit lågt eid som danar grensa mellom matrikkelgardane Edøy og Kyrhaug. Detta eidet og bukta nordom det heiter Valen eller Edøyvalen. Nordaust for Valen ligg Kyrhaug (eigentlig Kyrhaud frå norr. *Kýrhǫfuð, ‘kuhaud’) med myrlendt landskap og Kyrhaugvatna attom. Det høgaste punktet på denna delen av Edøya er Sandbukthaugen med sine 39 moh.
Historie
Fotnotar
- ↑ «Foreslår trasé for Smølatunnel», Tidens Krav, 15.01.2008