Djudeospanjol
Djudeospanjol (djudezmo, spanjol, jødespansk) |
ORDBOK A · B · C · D · E · F · G |
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel.
Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg.
Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.
Språklege særtrekk for djudeospanjol varierer mykje mellom dei olike dialektane, men blant dei mest typiske kan nemnast:
- M for N i ord som muestro/nuestro (‘vår’ (pron.), kastiljansk nuestro); mueve/nueve (‘9’ (num.), kastiljansk nueve).
- G for H i ord som agora (‘no’, kastiljansk ahora).
- -U for -O i endingar: anyu/anyo (‘år’); sinku/sinko (‘5’, kastiljansk cinco).
- Bevart stemt S mellom vokalar: kaza (‘hus’, kastiljansk casa).
Jødespansk har tradisjonelt vorte skreve med det hebraiske alfabetet — solitreo for handskrevne dokument og sefardisk halvkursiv («Rashi-skrift») for trykte dokument, men frå først på 1900-talet har det vore vanleg å skrive språket med det latinske alfabetet.
Pekarar
- «Folk Literature of the Sefardic Jews» - skal innehalde University of California, Davis si samling av jødespanske balladar og anna muntlig tradisjonsstoff. Basen er under oppbygging. Her finn vi òg sida Judeo-Spanish Phonetics, som gjev eit kort overblikk over sambandet mellom dei olike jødespanske dialektane og kastiljansk språk.
- «Ladino Alef-Bet» - ved Ovid C. Jacob
- «Ladino Longings - a Language Nearly Lost» - av Brigitte Sion
- «Happiness is a Warm Boreka» - av Brigitte Sion
- «Ladino - a language destined to be lost?» - av dr. Jay Levinson
- «A Short Bibliography of Sephardic Music» - bibliografi og diskografi over sefardisk musikk som først og fremst inneheld litteratur og arkivopptak, og få sekundære opptak av ikkje-sefardiske musikarar. Av Judith R. Cohen (York University, Toronto, Ontario, Canada)
- Socolovsky, Jerome: «Lost Language of Ladino Revived in Spain», i Morning Edition, National Public Radio, 19. mars 2007.