Di mangase-buch

Frå Alnakka.net

Di mangase-buch (jid. דיא מעשׂה בוך er ei samling av jødiske segner.

Di mangase-buch ✡ דיא מעשׂה בוך
(Jødiske segner)

Desse} segnene er omsett frå ḥakhám Moses Gaster (18561939) si omsetting utgjeva av JPS i 1934.

(41) Det ærlegee eselet hans rebbí José

Rebbí José hadde eit esel som han leigde ut til dem som ville ri på det eller bera børder slik at han kunne ha ei lita inntekt av det; og når eselet kom heim att til kvelds, så bar det med seg pengane, for folk visste kva vanar eselet hadde. Dei batt (ein pose med) pengane kring halsen på eselet når det hadde gjort ferdig arbeidet sitt, og om dei la i for mykje eller for lite, så ville ikkje eselet rikke seg, for det var så fromt at det ikkje ville ta meir enn det dei var skuldige.

Ein dag leigde ein mann eselet, og etter at arbeidet var gjort, batt han pengane kring halsen på eselet, men han hadde glømt å ta av eit par skor som var på ryggen ått eselet. Eselet nekta å gå heim, for det hadde merka at det var noko på ryggen som ikkje haurde det til. Så det venta heilt til mannen (skjønte kva som var i vegen og) tok skorne av eselryggen, og så gikk det heim. Så fromt var eselet hans rebbí José frå Jokré.

(137) Toráen er verd meir enn rikdom

Rebbí Kisjmá sa: «Ein dag da eg reiste i utlandet møtte eg ein mann som helsa meg, og eg helsa honom att. Da spurde han meg: ‘Kjære rebbí, kvar kjem du frå?’ Eg svara: ‘Eg kjem frå ein by der det berre finst skriftlærde og skrivarar.’ Da sa mannen: “Gud gjeve at du ville bu i byen vår, og eg ville gjeva deg 100 000 florinar og perlor og edelsteinar!” Da svara eg: ‘Kjære son: om du gave meg alle pengane og alle juvelane i all verda, så ville eg ikkje bu på ein stad utan Torá! Eg ville berre bu på ein stad med Torá; for når nån dør, så får dei ikkje med seg noko gull eller sølv eller edelsteinar, men Toráen følgjer dem til verda som kjem — som det står skreve i Tenákh (Ordtøka 6:22): Når du fer ått verda som kjem, så vil Toráen leie deg og følgje deg enda ått grava di. Der vil han halde vakt over deg, og når du vaknar [i verda som kjem], vil Toráen tala for deg føre den Evige! Derfor bed eg ikkje om pengar — som kong Davíd sa i Salmeboka si. Gud sa ått Davíd: Torástudiet ditt er meg kjærare enn 100 000 florinarar. (Tehillím (Salmane) 119:72) Og Gud sa vidare: Alt sølvet og gullet er mitt, og eg kan gjera rik den eg vil. (Haggái 2:8)’»

Derfor bør eit menneske allveg studere Toráen og ikkje springe etter sølv eller gull; for endatil når nån trur dei har mykje pengar, kan Gud gjera så dei misser dem på ein augneblink; og når nån studerer Toráen, kan Gud gjera dem rike, som vi har lært frå dei to førre segnene. Derfor bør kvart menneske allveg prøve å forstå Toráen betre, og dei bør stole på og tru seg til den Allmektige, som allveg kan sørgje for dem.


Eg vil no begynna å skrive ner historione om rebbí Sjemu’él ḥasíd (den fromme) og om sonen hans rebbí Jehudá ḥasíd frå Regensburg i Bayern og om kva som hendte i tida deras.

(158) Rebbí Sjemuél ḥasíd gjev seg ut for kalvskinnmakar

Ein gong levde det ein stor mann som heitte rebbí Jangakób som hadde haurt ein god del om rebbí Sjemuél ḥasíd, far ått rebbí Jehudá ḥasíd, og som ønska inderleg å få møte honom.

Ein dag reiste rebbí Sjemuél utalands for å studere og kom til nettopp den byen der rebbí Jangakób budde. Så han gikk ått huset hans rebbí Jangakób for å få seg losji utan å gje seg til kjenne — for han var redd han ville få særbehandling for lærdommen sin, og det er ikkje tillate å ta fortjenest for Toráen.

Rebbí Jangakób tala aldri ått honom heile den tida rebbí Sjemuél losjerte med honom, for han trudde at dette var ein einfaldig fyr. Men til slutt sa rebbí Jangakób likevel ått honom: «Beste ven, kva er namnet ditt?»

Han svara: «Sjemuél.»

Da spurde rebbí Jangakób: «Har du ikkje noko etternamn?»

Han svara: «Eg blir kalla Sjemuél kalvskinnmakar, etter yrket mitt.»

Rebbí Jangakób trudde at han verkeleg var ein kalvskinnmakar og viste honom ikkje meir respekt enn nån annan gjest.


Da rebbí Sjemuél drog derifrå att, følgte rebbí Jangakób og studentane hans honom eit lite stykke på vegen; rebbí Sjemuél gikk eit stykke framom rebbí Jangakób i hop med med ein av studentane hans. Da rebbí Jangakób hadde vendt om og gått tilbake til byen, sa rebbí Sjemuél ått denne ungdommen: «I går spurde meisteren din meg kva namnet mitt var, og eg fortelte honom at det var Sjemuél kalvskinnmakar.» Og med dei orda tok rebbí Sjemuél farvel med denne ungdommen og gikk vidare åleine.


Da denne studenten kom heim, fortelte han meisteren sin kva frammundkaren hadde fortelt honom. Da sa rebbí Jangakób: «Eg er sikker på at han var rebbí Sjemuél den fromme og at han nekta å gje seg til kjenne med vilje, slik at eg ikkje skulle vise honom noka ekstra ære; og det gjorde eg ikkje heller.»

Han snudde seg ått ungdommen og sa: «Lat oss skunde oss etter honom, så kanskje vi kan nå han att og be han med oss tilbake; — men du talar vel endeleg sant...?»

Den unge mannen svara: «Gud forby at eg skulle fara med osannheit!»


Så skunda rebbí Jangakób seg etter rebbí Sjemuél; han nådde han att og godtala med honom så lenge at rebbí Sjemuél gikk med på å komma tilbake med honom.

Så snart dei kom fram ått rebbí Jangakób sitt hus, gikk dei inn i eit rom der og vart varande i dette rommet i ti dagar og ti netter og ikkje ein sjel visste kva dei gjorde. Da forlet han rebbí Sjemuél honom rebbí Jangakób att etter å ha vorte vist stor ære.

ADONÁI, signe Guds Namn, vise oss godheit for gjerningane deras si skuld i all æva!

(162) Rebbí Sjemuél ḥasíd og den rike gjerrigknarken

Ein gong kom rebbí Sjemuél ḥasíd til Köln ved Rhinen for å tigge almisser, for han åtte svært lite. Han gikk ått kehilláen i Köln og bad dem hjelpe honom, ettersom han hadde vanskelege kår og ein stor familie. Kehilláen sette to lærde menn til å gå kring og samle inn pengar frå de rike for å hjølpe rebbí Sjemuél ḥasíd. Slik samla de inn sytti florinar. Under denne innsamlinga kom desse to rabbaním òg til huset ått ein ovrik mann som var ein stor gniar og de spurde han om eit bidrag. Men denne mannen vart arg, og han tok fram ein halvskilling, slengte han på bakken og sa ått de lærde mennene at de skulle plukke opp mynten og gje han ått rebbí Sjemuél ḥasíd. De lærde mennene vart galne på han og let mynten bli liggjande på bakkan.

Så gikk de ått rebbí Sjemuél ḥasíd og gav honom pengane de hadde samla inn frå medlemmane av kehilláen. De fortalte honom òg om parnásen som slengte ein halvskilling på bakken og bad dem plukke han opp, og at de ikkje hadde gått med på det. Da sa den fromme mannen ått de to lærde: «Kjære brør, gå og plukk opp denne mynten og gjev han ått meg, for sidan Herren, signe vere Han, har avgjort at eg lyt leva på gåvor frå andre, så må eg ikkje avslå noka gåve — om ho er stor eller lita.»

Så gikk de to lærde ått den rike mannen att og fortelte han kva den fromme mannen hadde sagt med dem. Da parnásen haurde dette angra han sårt på kossen han hadde tedd seg, og han fór ått den fromme mannen og bad han audmjukt om tilgjeving; og han gav honom ei stor pengegåve som høveleg var. Bibelverset seier: «Til ein from mann kjem maten hans or eit land langt unna.» (sml. Ordtøka 31:13.)

(168) Rebbí Amittái som vart fødd med ordet ‘emét’ innkarva i panna

I dagane ått rebbí Jehudá den fromme frå Regensburg i Bayern vart det fødd ein gut med ordet emét innkarva i panna. Rebbí Jehudá tok til seg denne gutungen og oppdrog han omsutsamt. Kvar han enn fór hadde han allveg guten med seg, og guten tjente honom på slikt vis som tjenarar tjener herskapet sitt. Rebbí Jehudá underviste honom, og han vart ein stor Torá-meister som gikk under namnet Amittái — etter ordet emét, det hebraiske ordet for ‘sanning’, som var innkarva i panna hans som eit jærtekn på at guten skulle bli ein stor lærdomsmeister. Herren Han vende alle vonde hjarto til godo. Amén.

(171) Rebbí Jehudá den fromme bergar jødane i Regensburg frå drapsskulding

Ei forteling om hendingane i Regensburg. To snikkarar arbeidde i huset ått ein jøde i Jødegata. Medan de arbeidde såg de at det var mykje sølv og gull i eit kammers der. De vart einige seg mellom at de skulle bryte seg inn i dette kammerset når jødane var i synagogen og stela alt i hop. Og det gjorde de. De braut seg inn i kammerset og tok mykje sølv og gull. Da tenkte ein tå snikkarane med seg sjølv: «Kva treng eg ein makkar for? Eg kan gjera dette åleine!» Så tok han opp ein hammar — og da makkaren hans var på veg ut gjenom hòlet slo han han i haudet med hammaren, og han fall daud om tilbake inn i kammerset. Så tok drapsmannen sølvet og gullet frå mannen han hadde teke livet tå og sprang sin veg. Alt dette hendte medan jødane var i synagogen.

Da de kom heim att, fann husbonden den daude mannen liggjande der. De vart alle redde og ville flytte liket tu byporten, for de var redde at ei folkemengd ville samle seg der — som det òg skjedde. For ryktet spreidde seg fort i Kristengata at jødane hadde drepe ein kristen. Så ei stor folkemengd tå kristne kom springande ått Jødegata og var på veg til å gjera opprør.

Da kom rebbí Jehudá den fromme dit, og han gikk rakt ått borgarmeisteren og sa med honom: «Herre, kva vil du gjera? Vil du late så mange folk bli drepne for éin manns skuld når du veit at vi ikkje er skuldige? To menn arbeidde i huset, og eg kan bevise ått deg at den eine tok livet av den andre.» Da sa borgarmeisteren: «Om du kan bevise dette, vil ikkje noko vondt skje nån av dokker!» Og han baud folkemengda på gata at de skulle vara stille.

Da sa rebbí Jehudá: «Steng portane så at drapsmannen ikkje kan rømme!» Dette vart gjort med ein gong.

Da skreiv den fromme mannen ein amulett med helige namn og la han i handa på liket. Liket stod opp, snudde seg rundt, og såg drapsmannen gjømme seg attom ein annan mann. Liket sprang mot drapsmannen og sa: «Din mordar! Du drap meg så du kunne ha tjyvgodset for deg sjølv! Du slo meg med ein hammar og eg fall attende inn i kammerset!»

Mordaren vart teken og fengsla med ein gong, og han vart dømd til døden og avretta.

Da sa den fromme mannen ått borgarmeisteren: «Ser du at om eg ikkje hadde stoppa deg, så hadde du spilt mykje uskuldig blod?»

Borgarmeisteren svara: «Sant nok! Derfor, kjære meister, tilgjev meg for det! Det skal ikkje hende opp att. I framtida skal eg først prøve å finne ut kva sanninga er.»

Mannen som hadde vorte drepen hadde mange rike vener som baud rebbí Jehudá mykje pengar om han ville late den drepne mannen leva. Men rebbí Jehudá fortalde dem at han ikkje kunne gjera dette — det var ikkje tillate honom. Han tok amuletten frå den drepne mannen, og liket fall om att og låg daudt som andre lik. Borgarmeisteren fór høveleg fram mot rebbí Jehudá etter denne hendinga.

(201) Maimonides og rebbí Meír frå Tyskland

Ein gong levde det ein rebbí som vart kalla Mosjé Maimuní og som var ein mektig Torá-meister — som ein kan sjå tå verka han skreiv, slik som det som blir kalla Maimuní og mange andre bøker. Han var òg ein stor lækjar. Men så skreiv han ei ny bok som ingen i tida hans skjønte seg på fordi ho var så vanskeleg. Han levde i Spania, men det var mange rabbaním (rabbinarar) der som ikkje var einige med honom og rekna han som kjettar — det vil seie ein vantru, ein som korkje er jødisk eller kristen og som tolkar Loven etter eige haud og ikkje i samsvar med vismennene våre.

No skreiv de spanske rabbaním til Tyskland at rebbí Mosjé Maimuní fortjente å bli lyst i bann, for han hadde ikkje ekte gudstru.

Da de tyske rabbaním fikk desse breva frå Spania, kom de samen og sa: «Det står ikkje til truande at ein mann som rebbí Mosjé er ein kjettar — trass i kva de spanske rabbaním skriv — for han har vore ein from jøde i heile sitt liv.» Derfor vart de tyske rabbaním einige om å sende ein tysk jøde til rebbí Maimuní i Spania for å saumfara innhaldet i boka ått rebbí Maimuní for å komma til botnar i saka og avgjera kva mann han var. De fór ått rebbí Meír og sa: «Vi bed deg at du reiser nedover og møter honom; for du vil fort sjå om han er ein kjettar eller ikkje.» For rebbí Meír var ein stor Torá-meister og ein halv profet.


Rebbí Meír tok ein tjenar med seg og reiste ått Spania. Da han var ei halvmil unna byen der Maimuní budde, sette rebbí Meír og tjenaren hans seg nedpå ved ei kald vasskjelde og drakk vatn derifrå, og så gikk dei vidare. Men rebbí Meír glømte att ei bok ved vasskjelda — ei bok som han hadde studert mykje i på reisa.


Da de kom ått byen spurde rebbí Meír etter huset ått rebbí Mosjé og vart vist vegen dit. Da han banka på døra kika ein tjenar tu glugga og sa med rebbí Meír: «Du kan’kje komma inn no, for husbonden sit ved bordet og kan ikkje taka imot nån. Ver god og vent til han er ferdig!» Rebbí Meír sa med tjenaren: «Eg veit at husbonden din sit med bordet, og som eit tekn seier eg deg at han et egg.»

Da tjenaren haurde dette, gikk han ått husbonden sin og sa med honom: «Ein mann banka på døra no, og eg fortalde honom at du satt med middagsbordet — og da svara han at han visste det, og han sa som eit tekn at du ått egg.» Da sa rebbí Mosjé ått tjenaren sin: «Gå og sei honom at han tala sant, og som eit tekn frå meg kan du fortele honom at han glømte boka si ved vasskjelda.»

Rebbí Meír leita gjenom det han hadde med seg, men fann ikkje boka. Da hugsa han at han hadde lese i boka ved vasskjelda; og han tenkte med seg sjølv: «Eg ser at han veit meir enn eg.»

Rebbí Meír og tjenaren hans skunda seg ått vasskjelda og fann boka i dalsøkket der han hadde lese i henne. Så tok han med seg boka og fór tilbake til byen. Der gikk han rett ått huset hans rebbí Mosjé og banka på döra att, for det var alt i skymingsleitet. Han vart laten inn med ein gong, sidan det var tid for kveldsmat.

Tjenaren sette mat på bordet som såg ut som menneskehender. Rebbí Meír nekta å røre det — og unnskyldte seg med at han ikkje kjente seg vel og helst ikkje ville eta noko.

Da spurde rebbí Mosjé honom om han ville ha noko å drikke, og han kalla på den andre tjenaren og sa: «Peter! Gå og tapp ei kanne vin frå same kagga som før!» Rebbí Meír tenkte med seg sjølv: «Kva? Skal Peter skjenkje vin ått meg? Han er da vel kristen, og vinen vil vera forboden å drikke!»

Da Peter kom med vinen baud rebbí Mosjé rebbí Meír at han laut drikke tå vinen sidan han ikkje hadde ete noko. Rebbí Meír sa: «Eg er ikkje om å drikke nett no, — eg kjenner meg ikkje vel. Eg er trøytt og har gått for mykje. Eg ville heller gå til sengs.»

Da sa rebbí Mosjé ått den tredje tjenaren: «Stå opp tidleg i morgon og slå i hel oksen så vi kan ha ferskt kjøtt ått gjesten vår, for han kjenner seg ikkje vel.»

Da rebbí Meír haurde alt dette, tenkte han at det var sant det de spanske rabbaním hadde skreve om rebbí Mosjé, for han hadde kjøleg dårlege vanar og gjorde mange besynderlege ting.


Om morgonen, da rebbí Meír stod opp, tok rebbí Mosjé han med seg ått kammerset sitt, og der sa han med honom: «Gode rebbí Meír, eg veit akkurat korför du kom til meg frå Tyskland, og eg veit òg kem som sendte deg; og eg veit om mistankane som nånn har om meg; — men eg vil seie ått deg at ingen mann skal mistenkje ein annan om han ikkje er viss på at ryktet er rett. Eg veit godt korför du nekta å eta og drikke med meg. Du nekta å eta fordi maten såg ut som menneskehender. Lat meg fortele deg at dette var ei grønsak som såg ut som ei menneskehand.» Og rebbí Mosjé viste han denne grønsaka; for han var ein stor lækjar og visste kva grønt som var bra å eta.

«Eg vil òg seie deg,» sa han, «korför du nekta å drikke vinen. Det var fordi eg kalla på tjenaren min Peter, og du trudde at han var ein heidning som ville ureine vinen. Det rette namnet hans er Peter, men han er så from ein jøde som du kan finne, og han har namnet sitt etter ein stor vismann.» Og han viste ein stad i Gemaráen ein vismann som heitte rebbí Peter.

«Og dette ferske kjøttet du nekta å eta fordi eg sa oksen skulle slåast i hel i staden for å bli slakta på vanleg vis — eg vil forklara deg det òg. Oksen vart funnen levande inni kua etter at ho var slakta. Derfor treng ikkje denne oksen å bli slakta etter vanleg vis, og ikkje treng han noko signing når han blir drepen; — for signinga som vart lesen over kua sitt blod er gyldig for oksen ho bar i seg òg.»

Og han forklarte honom mange andre punkt i Loven og klaga seg over fiendskapen ått de andre rabbaním, og kossen de förfölgte han fördi de ikkje skjønte denne boka han hadde skrive. Og han lærte rebbí Meír denne boka, som vart kalla Maimuní, som er full av nye ting og der ein kan sjå til denne dag kva for stor mann han var. I innleiinga gjev han heile tradisjonsrekkja — og frå Mosjé si tid til hans eiga tid var det ingen annan slik som Mosjé.


Da rebbí Meír haurde alt dette, bad han rebbí Mosjé om tilgjeving, og rebbí Mosjé tilgav honom; og rebbí Meír drog derifrå og lyste namnet ått rebbí Mosjé uskuldig og gjorde namnet hans enda vidare kjent. Men de rabbaním som mistenkte han for kjetteri pådrog seg lekamleg sjuke; som det er skrive: «Den som mistenkjer den uskuldige lid i sin lekam.» Derfor skal ein vakte seg vel for å mistenkje andre, og ein får leva i fred.

(209) Kua som nekta å arbeide på sjabbát

Ein gong for lenge sidan levde det ein from mann som livnærte seg med hjølp tå ei ku han åtte. Dei pløgde i lag heile vekka, og på sjabbát kvilte dei, i samsvar med bodet ått Herren, helga vere Han: «På sjabbát skal du kvile — og tjenestetausene dine og drengane dine, og krøttera dine.» (2. Mosebok 20:10)

No vart det slik at denne fromme mannen vart fattig og måtte selja kua si ått ein ikkje-jøde, med det vilkåret at kua var utan lyte. denne mannen arbeidde så på åkrane med kua heile vekka utan å finne noko gale med henne. Men da det vart sjabbát og han tok med seg kua utpå åkeren, så la ho seg berre ned og nekta å arbeide — for ho hadde ikkje arbeidd på sjabbát da ho var hjå jøden, og ho bruka å kvile på denne dagen. Mannen slo kua og fór stygt ått med henne, men ho rikka seg ikkje — ho vart liggjande og ville ikkje reise seg.

Da mannen såg at kua hadde eit lyte, fór han ått jøden og sa med honom: «Du svor at kua var lytelaus, og no nektar ho å arbeide, og når eg slær ho, så legg ho seg ned! Gjev meg pengane mine att!» Den fattige mannen var förtvila, for han hadde alt bruka opp pengane. Men så kom han til å tenkje at kua kanskje kom i hug sjabbát enda — og han spurde mannen: «Nektar ho allveg å arbeide?» Mannen svara: «Ho arbeider godt heile vekka, men på laurdag nektar ho å arbeide.»

Da det var sjabbát att, vart den fromme mannen med ikkje-jøden utpå åkeren og såg at kua hadde lagt seg til. Den nye eigaren slo kua, men ho ville ikkje reise seg.

Da tala den fromme mannen ått kua og sa med henne: «Så lenge du var i mi tjeneste var du skuldig å kvile på sjabbát, for slik baud Herren Gud oss; men sidan du ikkje lenger er i tjeneste hjå meg, men er tilsett hjå ein ikkje-jøde, så er du ikkje lenger skuldig å kvile på sjabbát — for ikkje-jøden held ikkje sjabbát. Så ris opp og gjer arbeidet ditt så eg ikkje får fleire problem med herren din.» Da kua haurde dette, ris ho opp og begynte å arbeide.

Da ikkje-jøden såg dette vart han svært forundra, og han spurde jøden kva han hadde kviskra ått kua, slik at han kunne gjera det same om kua nekta å arbeide att. Så den fromme mannen fortalde honom kva han hadde kviskra ått kua. Da ikkje-jøden haurde dette, tok han til å gråte og sa: «Sjå, dette dyret er ivrig etter å halde sjabbáten som Gud har bode. Kor mykje meir skulle ikkje eit menneske vera ivrig etter å halde han!» Straks tok han og heile hushaldet hans til seg jødedommen, og han vart ein svært from jøde. Han tok namnet rebbí Ḥaniná og vart rabbinar for ein by.

(234) Kona som forlét synagogen medan Heligbøna vart lesen

Ein gong levde det ei gammel Mal:Kono som stod opp kvar dag i gryotta og gikk i synagogen og bad trufast. Ho var ei svært from kvinne på andre vis òg, og ho gjorde mange gode gjerningar. Etter at ho dødde, viste ho seg for dei andre kvinnone i ein draum, og dei spurde ho: «Kossen fer dei med deg i den andre verda til løn for dei gode gjerningane dine i denne verda?» Ho svara: «Dei slær meg kvar dag; — og ikkje berre det: Kor helst fromme kvinnor og menn sitt i lag, driv dei meg bort og vil ikkje late meg ha gleda å sitta i lag med dem.»

Grunnen til dette var at medan ho levde i denne verda, så forlét ho synagogen når Kedusjá, eller Heligbøna, vart lesen. Dette var ei synd som ho laut sone i den andre verda for.

(243) Løna for å bruke olivenolje

Det hendte ein gong at ein mann vart kjøleg gammel og ingen kunne skjønne kva rettvis dåd han hadde gjort for å fortjene det — anna enn at han bruka olivenolje i lampa si; og dét er ei from handling!

Kjelde

  • Ma‘aseh book. Book of Jewish tales and legends translated from the Judeo-German by Moses Gaster. 2 vol. Philadelphia (The Jewish Publication Society of America), 1934.