Det jødiske samfunnet i Kristiansund
|
Det jødiske samfunnet i Kristiansund har sine røter først og fremst i innvandrarar frå Baltikum og Polen først på 1900-talet. Samfunnet, som først og fremst inkluderte medlemmar av familiane Borøchstein, Fischer, Koritzinsky og Hirsch, utgjorde med sine få titals medlemmar den fjerde største jødiske busettinga i Norge före andre verdskrigen. Det litle men aktive jødiske samfunnet i Kristiansund hadde eiga kvinneförening, synagogelokale (i Arbeidersamfunnet) og eigen rabbinar (el. ḥazzán?) (Joel Jacob Hirsch).
Samfunnsliv i mellomkrigstida
Krigen og deportasjonane
Da Nazi-Tyskland okkuperte Norge tisdagen den 9. april 1940 vart det slutt på det stort sett trygge livet for kristiansundsjødane — først med tysk terrorbombing av Kristiansund, og seinare med antijødiske lovar, og hausten 1942 med arrestasjonar og deportasjon av alle jødar nazistane greidde å finne. I alt 18 medlemmar av familiane Borøchstein, Fischer, Granstein og Hirsch vart deportert av nazistane og drepne i gasskammera i Auschwitz den 26. adár I 5703 AM (3. mars 1943). Det finst framleis etterkommarar etter de jødiske familiane i Kristiansund, men det er ikkje lenger noko organisert jødisk samfunn der.
Drepne under sjoá
- Abraham Borøchstein (50)
- Filip Borøchstein (9)
- Julius Borøchstein (5)
- Leopold Borøchstein (11)
- Mascha Borøchstein (32)
- Rosa Borøchstein (12)
- Sonja Borøchstein (6)
- Emanuel Fischer (19)
- Gusta Fischer (49)
- Herman Fischer (50) - cellist og ledar for Kristiansund Symfoniorkester
- Judith Fischer (12)
- Ruth Fischer (11)
- Theodor Fischer (6)
- Sara Granstein (48)
- Esther Hirsch (37)
- Frida Hirsch (74)
- Joel Jacob Hirsch (76) - rabbinar (el. ḥazzán)
- Rolf Hirsch (45)
Litteratur
Borøchstein, Ove: J : historien om kristiansundsjødene. Kristiansund (Ibs Forlag), 2000. ISBN 8299574404 (ib.) [1]
Pekarar
Jødisk liv
- Jødisk innvandring til Møre og Romsdal og Kristiansund: Oppvekst i to kulturer (Sonja Borøchstein Bjørbak; først publ. i Årbok for Nordmøre, 1999, s. 95–105.)
Deportasjonen
- Norske jøders deportasjon 1942/43 med familien Fischer fra Kristiansund som utgangspunkt (Ragnar Areklett, mars 2000)
Minnesmerke
- Minnesmerke over 18 myrda jødar (NRK Møre og Romsdal, 30.06.2003)
- Avduker minnesmerke (Eilif Odde, Tidens Krav, 26.06.2003)
- Til minne om Julius Borøchstein (1937-1943) ... (Ove Borøchstein)
- Forprosjektrapport (Kr.sund kommune, Hovedutvalg for kultur og utdanning, 04.10.2001)
- Wergelands Barn (Rannveig Korneliussen, Dagbladet Magasinet, 22.09.2001)