Desember
|
Desember er den 12. månaden i den gregorianske kalenderen. Etter den julianske kalenderen er desember den tiande månaden. Namnet desember kjem frå latinsk decem, som betyder 'ti'.
Faste merkedagar i desember
Den 4. desember er det barbromess etter primstaven.
Den 6. desember er det nilsmess etter primstaven. Dagen er Finlands sjølvstendigheitsdag og offisiell flaggdag i Finland.
Den 8. desember er det fiskardøgnet etter primstaven.
Den 9. desember er det «pepparkakans dag» i Sverige.
Den 13. desember er det lussimess etter primstaven.
Den 21. desember er det kakelinna etter primstaven.
Den 22. desember er det vintersolkverv etter primstaven.
Den 23. desember er det sjurdsmess etter primstaven. I Jamtland blir det flagga med det ooffisielle jamtlandsflagget.
Den 24. desember er det julkvelden etter primstaven.
Den 25. desember er det juldagen etter primstaven.
Den 26. desember er første dagen av kwanzaa i moderne afroamerikansk kultur.
Den 27. desember er andre dagen av kwanzaa i moderne afroamerikansk kultur.
Den 28. desember er tredje dagen av kwanzaa i moderne afroamerikansk kultur.
Den 29. desember er fjerde dagen av kwanzaa i moderne afroamerikansk kultur.
Den 30. desember er femte dagen av kwanzaa i moderne afroamerikansk kultur.
Den 31. desember er nyårskvelden i generell vestleg kultur. I moderne afroamerikansk kultur er det sjette dagen av kwanzaa.