David Simonsen
David Simonsen (f. 17. mars 1853, d. 15. juni 1932) var ein dansk rabbinar med utdaning frå København og Breslau (det novarande Wrocław i Polen) som var overrabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København frå 1892 til 1902. Den store boksamlinga hans, som dekkjer mange humanistiske disiplinar og språkområde, og arkivet hans vart overteke av Det Kongelige Bibliotek i København i 1932.
Breva i arkivet, som omfattar perioden frå kring 1880 til 1932 og som involverer kring 4 700 avsendarar og mottakarar, avspeglar det store kontaktnettet hans i Danmark og internasjonalt. Gjenom utdaninga si i Breslau kom han i kontakt med mange av dei ledande forskarane innaføre jødedom og jødisk historie i si tid, men gjenom interessen sin for andre fag hadde han òg kontakt med historikarar, arkeologar og andre vitskapsfolk. Virket hans som filantrop førte med seg mykje korrespondanse med politiske og andre organisasjonar, så vel som privatpersonar i Danmark og elles som trong støtte.
Pekarar
Det Kongelige Bibliotek: David Simonsens Arkiv
Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «David Simonsen» frå Dansk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |