David Abraham Bueno de Mesquita

Frå Alnakka.net

David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 188912. desember 1962) var ein nederlandsk-sefardisk figurativ bildekunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk.

Liv

David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 ått föreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten samma plassen i tida 19091913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for bildet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa ått son sin’), flytta han i 1914 til Roma og budde der ei tid. Seinare reiste han på studiereise til Madrid. I 1922 flytta han til Amsterdam att, og flytta så til Firenze i Italia i 1929, der han vart buande til han dødde der den 12. desember 1962.

Verk

Bueno de Mesquita var ein figurativ bildekunstnar som arbeidde hovudsakleg med kunstmåleri (inkludert oljemåleri og akvarell), tekning og grafisk kunst (bl.a. etsing og litografi); særlig innaför sjangrane landskapsmåleri og portrett. Han illustrerte òg mange bøker.

Kjeldor

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon