Danmark
Mal:Fakta om Danmark Kongeriket Danmark er eit land i Skandinavia som i tillegg omfattar to sjølvstyrte område, øygruppa Færøyane, i Nord-Atlanterhavet; og øya Grønland, i Nord-Amerika.
Geografisk utgjer Danmark halvøya Jylland og 443 namngjevne øyar. 76 av øyane er busett. Landet ligg i Skandinavia og Norden med havet som nabo, Austersjøen og Nordsjøen, med Tyskland som den sørlige grensa for Jylland. De to største øyane er Sjælland og Fyn. Hovudstaden København ligg på Sjælland. Förbindelsen til Sverige med Øresundsförbindelsen går via Amager.
Historie
Vi kjenner ikkje opphavet til Danmark, ettersom folket og landet kom til före historisk tid. Landet kan ha vore ein union av svenske stammar.
- I vikingtida var Danmark i nokre tider ei stormakt, når landet ikkje var oppløyst av borgarkrig.
- I mellomalderen var Danmark i periodar ei stormakt, når landet ikkje var totalt oppløyst av borgarkrig.
- I 1397 vart de tre skandinaviske rika samenslegne i Kalmarunionen under ein felles konge (Finland haurde til Sverige, medan Island, Grønland og Færøyane låg under Norge).
- I renessansen gikk det tilbake med Danmark, og Sverige gikk ut av personalunionen.
- Unionen vart oppløyst da Sverige (og Finland) gikk ut i 1523.
- I Karl Gustav-krigen erobra Sverige ved Freden i Roskilde i 1658 dei danske områda Skåne, Halland og Blekinge.
- Etter Napoleonskrigane vart unionen med Norgw oppløyst. Norge gikk inn i ein ny union med Sverige.
- I 1864 mista Danmark hertugdømma Slesvig og Holsten til Tyskland.
- Først kring 1870 starta industrialiseringa.
- I 1920 kom den nordlige delen av Slesvig (novarande Sønderjylland) tilbake til Danmark etter ei folkeavstemning.
- Den 9. april 1940 vart Danmark invadert av Tyskland og var hærsett under andre verdskrigen.
- I 1943 erklærte Island seg sjølvstendig.
- Etter andre verdskrigen vart Danmark medlem av SN, NATO og Den europeiske unionen.
Politikk
Den danske monarken er for tida dronning Margrethe II av Danmark. Sjå òg danske monarkar for ei opplisting av danske regentar og monarkar gjenom tidene. Danmark blir styrt av den utøvande makta, regjeringa. Ledar for regjeringa er statsministeren. För tida er Anders Fogh Rasmussen statsminister. Den lovgjevande makta er Folketinget. Styreforma er parlamentarisme.
Det bur kring 5,5 millionar menneske i Danmark; mesta ein fjerdedel av dem bur i hovudstaden København.
Dansk er det hovudspråket i Danmark. Dansk hører til den nordiske undergruppa av den germanske språkgruppa. Dansk har mange dialektar som tydelig viser kva del av landet personen kjem frå. Riksdansk er det offisielt anerkjente danske språket som blir bruka i fjernsyn, radio og i undervisning. Vidare blir det tala færøysk, grønlandsk, tyrkisk og tysk. Engelsk og tysk er de viktigaste frammundspråka.
Danmark er administrativt inndelt i 5 regionar og 98 kommunar. I tillegg er Færøyane og Grønland ein del av kongeriget Danmark. Dessa er begge sjølvstyrte einheiter.
De störste byområda i Danmark etter innbyggjartal i 2003
- Københavnsområdet - 1 085 813
- Århus - 222 559
- Odense - 145 374
- Aalborg - 121 100
- Esbjerg - 72 613
- Randers - 55 897
- Kolding - 54 526
- Vejle - 49 782
- Horsens - 49 457
- Roskilde - 43 753
- Greve Strand - 41 509
- Næstved - 40 147
- Silkeborg - 38 111
- Fredericia - 36 819
- Hørsholm - 36 001
- Helsingør - 34 906
- Køge - 33 487
- Viborg - 33 203
- Holstebro - 31 805
- Slagelse - 31 674
- Taastrup - 30 982
- Herning - 29 871
- Hillerød - 28 143
- Svendborg - 27 512
- Sønderborg - 26 865
- Hjørring - 24 724
- Frederikshavn - 24 309
- Holbæk - 24 081
- Haderslev - 20 982
- Skive - 20 723
- Ishøj Strand - 19 424
Kjelde: Danmarks Statistik.
Geografi
Høgdeskilnader
Lågaste punktet i Danmark er Lammefjord med -7,5 m. Høgaste punktet er Møllehøj på Jylland med 170,86 moh. Andre høgdedrag er Yding Skovhøj med 170,77 moh og Ejer Bavnehøj med 170,35 moh.
Klima
Klimatisk kan ein mesta sjå på Danmark som ei øy med vatn på alle kantar. Ein kan rekne med litt nedbør med nokre dagars mellomrom, men sjeldan er det snakk om dei heilt store mengdene. Lågtrykk går inn i Nordsjøen og gjev innimellom kraftig vind på vestkysten av Jylland om hausten og vinteren, og innimellom kan iskald luft frå Arktis eller Sibir gje minusgradar i heile landet sjølv på dagtid. Danmark har ikkje dei store landmassane rundt seg som nabolanda i sør har og får derfor sjeldan like høge temperaturar på sommarstid som dessa landa. Sjølv klåre og fine sommardagar byd dermed på fine temperaturar utan at det blir obehagelig varmt. De kraftigaste regnbyone kan ein vente seg seint på sommaren og tidlig på hausten, og torevêr er ikkje heilt ovanlig på denna tida. Frå slutten av oktober begynner det å bli overskya og mörkt.
Kultur
Den mest kjente dansken er trulig forfattaren H.C. Andersen. Han er mest kjent for eventyra sine. Av eventyr kan nemnast «Keiserens nye klær» og «Den grimme ælling».
Andre kjente danskar er filosofen Søren Kierkegaard og fysikaren Niels Bohr.
Internasjonal pressefriheit
- Pressefriheitsindeks: Rangert 10 av 139 land.
Sjå òg
- Danske monarkar
- Fynske Øhav
- Færøyane
- Grønland
- Island
- Jylland
- Kattegat
- Lillebelt
- Lundeborgbeltet
- Storebelt
- Vadehavet
Pekarar
- Danske styresmakter
- A Birds Eye View Of Denmark Webcams
- CIA World Factbook
- Kort & Matrikelstyrelsen om Danmark i tal
- Tom Brøndsted: Slægtsbog Gerda ROTHENBORG
Mal:EU-EØS Mal:NATO Mal:Schengen-landa
![]() |
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Danmark» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |