Daniel Hagerup
Daniel Hagerup (1876–1955) var ein treskjerar og bildehoggar frå Smøla på Nordmør.
Liv
Daniel vart fødd den 24. mars 1876 i Grønvika på Smøla som nummer fire av fem born av gardbrukar og smed Eilert Hagerup Eriksen Nastad og Guri Severine Danielsdt. Kulø. Daniel gifta seg med Anna G. Øvrevik (f. 20. april 1878 (el. 1879?)) frå Innersetra på Tustna. De budde på Sjåheim under Gullstein på Tustna i perioden 1918–1937. Seinare flytta familien til Sykkylven på Sunnmør etter invitasjon frå møbelfabrikant Bernhard R. Tynes. Anna dødde der i 1955. Daniel Hagerup dødde òg i Sykkylven den 12. februar 1955.
Daniel og Anna hadde ni born:
- Gudrun Hagerup, f. 4. mars 1904. Ho vart gift med Halvard Halsbog, og de budde i Halsbogen under Hals på Tustna.
- Ågot Hagerup, f. 21. september 1905. Ho vart gift med Arne Sollid (f. 1906) frå Halsa.
- Johanne Hagerup, f. 27. februar 1907. Ho vart gift med Ingebrigt E. Megaard (f. 1906) frå Halsa, og de busette seg på Solstad under Hargaut i Nesset.
- Hedvig Hagerup, f. 24. februar 1908. Ho vart gift med Arne Gilde (f. i Trondheim), og de busette seg i Oslo.
- Bergliot Hagerup, f. 21. mai 1911. Ho vart gift med Arne Storvik frå Smøla, og de busette seg der.
- Eva Hagerup, f. 2. oktober 1913. Ho busette seg i Oslo.
- Guttorm Hagerup, f. 1. desember 1914. Han dødde knapt 21 år gammel den 17. november 1935 og vart gravlagt ved Gullstein kirkje. Gravsteinen hans inneheld eit relieff av honom som faren hadde laga.
- Rakel Hagerup, f. 16. oktober 1916. Ho busette seg i Oslo.
- Dagmar Hagerup, f. 13. desember 1917. Ho gifta seg med Ragnvald Hovland frå Øystese, og de busette seg der.
Verk
Daniel Hagerup utsmykka den tidlegare kirkja i Sykkylven med treskjering. Denna kirkja brann den 2. februar 1983. Han måla òg altartavla i Brattvær kirkje på Smøla.
Han vart involvert i møbelproduksjon etter at Bernhard R. Tynes inviterte honom til møbelfabrikken sin i Sykkylven.
Kjeldor
- Mal:Roaldset 1986, b. 2, s. 321.
- http://www.nermo.org/slekt/d0017/g0000074.html