Dú mín gås Kvíta
Frå Alnakka.net
«Dú mín gås Kvíta»
Tekst
Ein versjon etter Marit Glærum, som hade haurt det av mor si, Ragnhild Glærum, som opprinneleg var frå Bruset i Todalen. Nedtekna av Edvard Langset i Surnadalen på Nordmør den 10. juli 1915.
Rettskrivinga frå kjelda er justert.
- «Kar he dú vore så lengje,
dú mín gås Kvíta?»
«É he vore útme stranno o slongje,
dú minn Svensela.»
- «Kva he dú gjórtt dér så lengje,
dú mín gås Kvíta?»
«É he vaska míne bonn så fágre,
dú minn Svensela.»
- «Kaffęr e díne bonn så fágre,
dú mín gås Kvíta?»
«É he gjeve dęm bygg o hávre,
dú minn Svensela.»
- «Kaffęr e díne bonn så feite,
dú mín gås Kvíta?»
«É he gjeve dęm bygg o kveite,
dú minn Svensela.»
- «Gí me eitt o hałtanna,
dú mín gås Kvíta.»
«Lite hja’rtt o ingja rå,
ikkje fér o ikkje må
dú minn Svensela.»
Kjeldor
Langset, Edvard: Segner – gåter – folketru frå Nordmør. Oslo (Norsk folkeminnelag), 1948.