Cristiano Giuseppe Lidarti
Cristiano Giuseppe Lidarti (1730–1793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist av italiensk opphav som i vår tid særlig er kjent for det hebraiske oratoriet Ester.
Christiano Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gikk på skule ved cisterciensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben. Han begynte så å studere juss og filosofi ved universitetet i Wien, men studerte òg cembalo, harpe og komposisjon på eiga hand. I 1751 flytta han til Italia for å spesialisere seg på musikk, og han budde blant anna i Venezia og Firenze före han begynte å arbeide som musikar i kapellet til Cavalieri di Santo Stefano i Pisa — ei stilling han hadde frå 1757 til 1784. Lidarti var først og fremst kjent for kammermusikken sin i samtida. Det mest interessante arbeidet hans er nok likevel de tre hebraiske kantatane og oratoriet Ester som han skreiv for det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam.
Video frå YouTube | ||
|
Kjeldor
- «Christian Joseph Lidarti» (1730-1795) frå hoasm.org