Chaim Potok

Frå Alnakka.net

Chaim Potok (17. februar 192923. juli 2002) var ein amerikansk romanforfattar og rabbinar. Romanane hans tek utgangspunkt i det asjkenazisk-ortodokse miljøet i byen New York og handlinga dreier seg ofte kring spenningsfeltet mellom olike tradisjonar såvel som spenningsfeltet mellom tradisjonelle verdiar og det moderne amerikanske samfunnet. Chaim Potok er særlig kjent for romanane The Chosen (1967) og My Name is Asher Lev (1972).

Herman Harold Potok (verdslig namn) eller Chaim Tzvi ben Benjamin (hebraisk namn) vart fødd i Bronx som son ått Benjamin Max Potok (d. 1958) og Mollie (Friedman) Potok (d. 1985) — begge jødiske immigrantar frå Polen. Under den ortodoks-jødiske skulegangen sin lærte Chaim både Talmúd og sekulære fag. Etter at han som tenåring las boka Brideshead Revisited, bestemte han seg for at han ville bli forfattar.

I 1950 vart han Bachelor of Arts summa cum laude, i engelsk litteratur frå Yeshiva University. Etter å ha fullført ein mastergrad i hebraisk litteratur og å ha vorte ordinert som rabbinar frå Jewish Theological Seminary of America, gikk han inn i det amerikanske militæret som kapellan og tjente i over eit år (19551957) i koreakrigen.

Camp Ramah i the Poconos hadde han møtt den psykiatriske sosialarbeidaren Adena Sara Mosevitzsky, og dei gifta seg den 8. juni 1958. Dei fikk tre born samen — Rena, Naama og Akiva.

Frå 19641975 var Potok redaktør for tidsskriftet Conservative Judaism, og han var òg medredaktør for Jewish Publication Society i perioden 19651974. I 1965 mottok Potok Ph.D.-graden frå University of Pennsylvania.

Potok er mest kjent for romanen The Chosen (1967), som òg kom ut i filmversjon i 1981 og fikk ein pris ved Verdsfilmfestivalen i Montréal — og som seinare òg gikk som musical på Broadway ei kort stund. Boka er ei delvis sjølvbiografisk förteling om to gutar: Reuven Malter, ein moderne-ortodoks jøde, blir kamerat med Danny Saunders, ein lynintelligent ung son av ein hasidisk rabbinar. Faren, reb Saunders, ventar av sonen at han skal bli rabbinar etter honom, men Danny vil heller studere psykologi — eit sekulært fagfelt.

I Norge er Potok mest kjent for romanen My Name is Asher Lev (1972), som kom ut i norsk omsetting på Aschehoug i 1973 under namnet Mitt navn er Asher Lev.

Chaim Potok dødde av kreft i Merion i Pennsylvania den 23. juli 2002.

Verk

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Chaim Potok» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.