Camille Pissarro

Frå Alnakka.net
Sjølvportrett (1873)

Camille Pissarro (18301903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt.

Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte AmalieSt. Thomas i daverande Dansk Vestindia ått föreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammel, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i förretninga ått faren. På den tida bruka han all fritida til tekning. I 1852 reiste han til Venezuela samen med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot.

Pissarro kom til å bli kjent som «impresjonismens far». Han måla bilde med fransk tematikk — særlig landskapsbilde, bilde av gardsarbeidarar og scenor frå Montmartre. Han reiste så til Paris att for å undervise, og blant studentane hans kan nemnast Paul Cezanne og Paul Gauguin.

I mars 1893 sette parisgalleriet Durand-Ruel opp ei större utstilling med 46 av kunstverka ått Pissarro samen med 55 kunstverk av Antonio de La Gandara. Men medan kritikarane priste Gandara, var de tydelig mindre entusiastiske over Pissarro sin kunst.

Camille Pissarro dødde i Éragny-sur-Epte den 12. eller 13. november 1903 og vart gravlagt på Père Lachaise-gravlunden i Paris.

I levetida si selte Pissarro berre nån få av bilda sine. I ettertida har livsverket hans vorte sett mykje høgare, og före 2005 har pissarrobilde vorte selt for kring 4 millionar amerikanske dollar.

Kjeldor


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon